Det enda til slutt 1-2 i Egersund laurdag, og dermed med Hødd sin tiande kamp på rad utan tap. På ei vanskeleg bane, med kraftig vind i tillegg var det ein bra prestasjon av eit Hødd-lag med mange unge spelarar frå start.

- Vêret var rimeleg heftig og det blei litt "Texas" utpå der, med ei tung bane og vind frå alle kantar. Eg er veldig imponert over gutane i dag, vi har seks mann under 20 år og reiser hit ned og står slik som vi gjer i dag. Det er imponerande, for det er aldri enkelt å stå heilt ut til siste kampen, men det gjer vi no. Vi sprang til krampa tok oss, og det er slik det skal vere i Hødd, fortel Sindre Eid.

Eirik Haugan stanga inn Hødd si første scoring etter ein corner, før Andreas Breimyr lurte ballen inn ved næraste stolpen på eit hjørnespark litt seinare. Truleg hadde vinden ein finger med i spelet her, men mål er mål og Hødd kunne gå til pause med tomålsleiing.

- I førsteomgangen har vi rimeleg bra kontroll, sjølv om dei har eit skot i tverra på slutten. Andreomgangen i motvind blir som den blir. Det er nærast eit under at det ikkje blir fleire scoringar, begge vegar. Det vart eit kampbilete som er vanskeleg å kontrollere, der ein berre må stå i det og håpe på det beste.

Egersunds scora ein gong og var også nære utlikning, men Hødd hadde også sjansar der ein burde ha fått inn minst eitt tredje mål.

- Hadde vi fått det tredje målet så ville ting roa seg ned, men i staden blir det eit veldig trykk mot oss og mykje ballar inn i feltet. Det er ein kombinasjon av både dyktigheit og flaks som gjer at vi held unna, men gode lag skal ha litt flaks og vi har vore eitt godt lag i hast.

For med ti kampar utan tap i avslutninga har Hødd løfta seg opp på øvre halvdel, og viser ein del ting laget bør kunne ta med inn mot neste sesong.

- Både det og at vi har så mange unge spelarar. Seks mann under 20, Ole Monrad på 22, samt "gamlingane" på 28 og 30. Det er utruleg lærerikt når vi kan spele med så mange unggutar i same kampen Der kan dei ta med mykje læring til neste sesong, meiner Eid.

Hødd enda på ein 6.-plass i 2.-divisjon avdeling 2. Eit stykke bak målsettinga før sesongen, men laget har løfta seg etter å stort sett ha vore på nedre halvdel heile sesongen.