Målet før sesongen var klart. Hødd ønskte å vere med i toppen av si 3.-divisjonsavdeling, og om mogleg sikre opprykket på kortast mogleg tid.

No har laget klart første del av utfordringa, sikre seg kvalifisering, men det er framleis eit stort hinder igjen før eit eventuelt opprykk.

Onsdag slo Hødd Brattvåg med 5–1 på bortebane. Dermed avsluttar Hødd seriesesongen på ein andreplass. Laget har like mange poeng, men noko dårlegare målforskjell enn Herd 2 som tok førsteplassen. Herd 2 kan likevel ikkje rykke opp, og difor skal Hødd ut i kvalifisering mot Surnadal/Søya/Todalen. Første kamp går allereie søndag på Høddvoll.

– Dette har vore målet vårt heile sesongen og det er veldig kjekt at vi har klart det, fortel Hødd-kaptein Therese Hareide Holstad.

Var nervøse i opninga

Hødd vann til slutt 5–1 i den avgjerande kampen, men kapteinen legg ikkje skjul på at det stod mykje på spel.

– Den første omgangen spelte vi ganske dårleg, eg trur vi var litt nervøse, men det losna utover i kampen.

Holstad scora 2–1 målet mot Brattvåg. Då stod det att 18 minutt av kampen, men Hødd banka inn tre mål til mot slutten. Dermed vart det ein komfortabel siger, og laget kan no sjå fram mot to tøffe kvalifiseringskampar.

– Vi har ingenting å tape og må berre gje alt, og sjå korleis det går. Vi må prøve å ikkje verte for nervøse, for då går det ikkje så bra, fortel Holstad.

Må ha to gode kampar

Om motstandarane veit ikkje Hødd så altfor mykje, men Surnadal/Søya/Todalen vann si avdeling framom Træff og Molde 2. Laget har scora mykje mål, men dei aller fleste kom i dei to kampane mot botnlaget.

– Vi har spelt mot dei tidlegare, men det er lenge sidan, så eg veit ikkje så mykje om kva vi møter, fortel kapteinen.

Ho har oppskrifta klar for korleis Hødd kan sikre opprykket til 2.-divisjon.

– Vi må spele to gode kampar. Alle må gje alt og vi må vere «på» heile tida, elles går det ikkje, meiner Holstad.

Hødd klarte målet om å sikre seg kvalifisering, men det har ikkje berre gått på skjener.

– Vi har hatt nokre dårlege kampar, men også ein del gode kampar. Vi har variert ein del, men tatt dei poenga vi måtte for å klare det, seier Holstad.

Hødd-veteranar: Torsdag gjennomførte Hødd ei lett trening etter sigeren over Brattvåg. Med på treninga var også dei to tidlegare Hødd-spelarane Ragnhild Ertesvåg og Amalie Brandal Kragset, som begge spelar 1.-divisjonsfotball for Åsane. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes