Både jentene og gutane frå turngruppa til Hødd leverte under Midt-Norsk Meisterskap og regionfinalen, som vart arrangert i Steinkjer 21. og 22. oktober.

Hødd stilte med fem utøvarar i konkurranseklassene, firekamp for jentene og sekskamp for gutane.

Midt-Norsk meister

Pernille Eiken Fosse tok førsteplassen i sin firekamp i klasse 1 og vann med klar margin. I rekruttklassen stilte Aina Utgård.

Til Steinkjer hadde Hødd med tre gutar, Oliver Souto som stilte i rekruttklassa, samt Edvard Roppen og Jonas Gunne Brandal som begge stilte i klasse 1.

Dei to eldste Hødd-gutane gjorde ein flott sekskamp og tok andre- og tredjeplassen i si klasse.

Mange medaljar

Med så gode resultat vart det også aktivitet under regionfinalane søndag, der dei seks beste i kvart apparat var kvalifiserte. Her sikra Hødd-gymnastane seg heile 12 medaljar.

– Ettersom Pernille vann tre av fire apparat i firekampen, turna ho også sist i desse apparata søndag. Det takla ho godt og vann gull i skranke og bom, medan det vart sølv i hopp og bronse i frittståande, fortel trenar Vidar Fosse.

Han fortel at Edvard Roppen sikra seg gull i hopp, sølv i frittståande, svingstong og ringar, medan Jonas Gunne Brandal tok sølv i bøylehest, og bronse både i hopp, frittståande og bronse. Med andre ord flott innsats av dei lokale gymnastane.

Ifølgje Fosse blei regionfinalen arrangert etter same prinsipp som Norgesfinalen, som blir arrangert i Stavanger 18. og 19. november. Der skal både Edvard Roppen og Pernille Eiken Fosse delta.

Sistnemnde har også vore med på årets siste noregscupstemne, då ho og Silje Eiken Vatne deltok i Bergen sist helg.

– Pernille turna ei grei konkurranse, der ho enda på 52,2 poeng. Grunna to fall var resultatet litt bak forventningane. Silje Eiken Vatne deltok i sitt første noregscupstemne og gjorde ein godkjent konkurranse. Med litt meir øving og litt høgare vanskegrad vil ho klatre på resultatlistene, fortel trenar Vidar Fosse.

Midt-Norsk meisterskap: Aina Utgård stilte i rekruttklassen, medan Pernille Eiken Fosse stilte i klasse 1 under Midt-Norsk Meisterskap og regionfinalar i turn, som vart arrangert i Steinkjer 21. og 22. oktober. Foto: Vidar Fosse/IL Hødd Turn Foto: Vidar Fosse