Vegard Heltne har bestemt seg for å legge opp. Det skriv Hødd på sine nettsider. Ifølgje klubben er det skadetrøbbel dei siste sesongane som fører til at Heltne vel å gje seg.

– Eg har vore skadeplaga siste åra, og den siste skada var meir alvorleg enn eg trudde. Difor har eg bestemt meg for å legge opp. Eg har tenkt på det ein månads tid, og tok avgjerda for nokre dagar sidan. Akkurat no er det sjølvsagt rart og tungt, for det var ikkje slik eg såg det for meg. Samtidig vil eg nok ikkje merke det skikkeleg før oppkøyringa startar i januar, og eg ikkje skal vere med, seier 28-åringen til Hødd sine nettsider.

Heltne mista store delar av 2016-sesongen med skadar og fekk berre to kampar for A-laget den sesongen. I år såg det lysare ut, og Heltne var jamleg i Sindre Eid sine startoppstillingar fram til sommaren, men heimekampen mot Egersunds IK 8. juli blei Heltne sin siste i blåkvitt.

Vegard Heltne kom til Hødd frå Hasundgot tilbake i 2005, debuterte for A-laget i seriesamanheng i 2007 og fekk til saman 218 A-kampar for Hødd, i tillegg til 24 scoringar. Av spelarane som har vore i Hødd denne sesongen er det berre Steffen Moltu og Bendik Torset som har spelt fleire. Sjølv om Hetne berre er 28 år er det dermed ein av veteranane i laget som no gir seg.

I helga vart det også klart at Jesper Törnqvist også gir seg som spelar på toppnivå, og dermed ikkje er aktuell for Hødd sin A-stall den komande sesongen. Törnqvist stadfestar til Vikebladet Vestposten at han skal jobbe innan fotballen.