Det var ein veldig glad Hødd-spelar som tok i mot eit diplom og ein sjekk på 5.000 kroner frå Sparebanken Møre, då han blei kalla fram og tildelt Sparebanken Møre sitt spelarstipend. Utdelinga skjedde under Sunnmøre Fotballkrets sin galla laurdag kveld.

Vivian Saadi, som speler for Fortuna, fekk kvinnene sin pris.

Til Hødd si nettside seier Bendik Rise dette:

- Det er sjølsagt kjekt å bli lagt merke til og få ein slik pris. Det viser vel at eg har gjort noko rett på vegen hit, og er sannsynlegvis eit resultat av mykje godt arbeid. I tillegg er det ein god konkurransekultur rundt meg som heile tida gjer at eg vil bli betre. Sesongen i år har for min eigen del gått ganske bra, då eg har spelt alle kampane. Når eg då får ein slik pris har eg nok hatt ein god sesong også. Den kjem også som eit resultat av at eg har vist meg fram, både aleine og saman med andre. Fotball er uansett eit lagspel, og det er fleire som har bidrege til at eg kan ta i mot denne prisen. Eg vil rette ein stor takk til Sunnmøre Fotballkrets og Sparebanken Møre, som har delt ut prisen, Hødd og alle som har hjelpt meg hit, spesielt familien min.