I utgangspunktet gjekk fristen for påmelding til Grendacupen i Hareidhallen 28. og 29. desember ut søndag. No er det klart at arrangørane opnar for påmelding endå nokre dagar til.

På Grendacupen sine nettsider kan ein lese at arrangørane er fornøgde med å ha fått 30 påmeldingar, men det er plass til endå nokre lag til.

Så langt er det registrert 15 lag i herreklassen. Dette er tre færre enn i fjor.

I dameklassen var det lenge berre eitt par påmelde lag, men inn mot fristen dukka det opp nokre til og ein er her oppe i sju lag. Det er eitt meir enn i 2016.

Blant dei yngste deltakarane er det kome inn ni ungdomslag, to jentelag og sju (seks før den opphavlege fristen gjekk ut) gutelag.

Sjå alle dei påmelde laga på Grendacupen sine nettsider.