Måndag vart troppane til landsdelssamlinga for gutar fødde i 2002 og 2003 publisert på Norges fotballforbund sine nettsider. Der har Sindre Kleiven frå Hødd fått plass i 2002-troppen (nord).

Landsdelssamlinga blir arrangert i Østfoldhallen frå 7. til 10. januar.

Ifølgje NFF er desse samlingane det nest-øvste nivået i forbundet sin spelarutviklingsmodell, der neste steg vil vere landslag.

- Dei vi no har tatt ut, har overbevist mange, fleire gongar, om at dei har det lille ekstra. No er dei inne på det nestøvste nivået i NFFs spelarutviklingsmodell. Landslag er neste steg. Dette er ingen liten prestasjon, når vi veit at det er om lag 1.000 spelarar per alderskull som vurderast som talent, og på eit eller anna nivå er inne i Landslagsskolen, seier Håkon Grøttland, fagansvarleg i NFF for Landslagsskolen, til fotballforbundet sine nettsider.

Kleiven er einaste spelaren frå ein sunnmørsklubb som har fått plass i 2002-kullet, men det er også med spelarar frå Molde og Åndalsnes.

Sindre Kleiven var involvert i sju kampar for Hødd 2 i 4.-divisjon denne sesongen.