Torsdag vart det klart at Ronny Osnes ikkje lenger blir ein del av Hødd sitt trenarapparat. Det går fram av ei pressemelding frå IL Hødd Fotball.

Ifølgje pressemeldinga har Osnes dei siste åra vore tilsett i det som utgjer ei 50 prosentstilling, der hovudfokuset har vore på A-laget, men også med opplegg for andre keeperar i klubben.

"Etter nedrykket frå OBOS-ligaen i 2016 vart det tøffare økonomiske tider for klubben. Dette gjorde at ein i styret gjorde eit vedtak før sesongen 2018. Det går på at ein ønskjer å bruke like mykje midlar på ein a-stall, men ønskjer å spare på støtteapparat, administrasjon og på andre utgifter ein kan spare på. Dette førte til at klubben ikkje var i stand til å lenger tilby Ronny 50 prosent stilling utover 2017", skriv Hødd i pressemeldinga.

Hødd skriv også at det har vore diskutert med Osnes om det kunne vere aktuelt med ei redusert stilling, men at keepertrenaren då ikkje synest han kunne gjere ein skikkeleg jobb med keeperane, inn mot dei andre spelarane eller trenarteamet.

"Vi i Hødd ser det sjølvsagt som beklageleg at vi ikkje kan halde fram det gode samarbeidet som før, men håper at vi har moglegheit til å ta det opp igjen ved ei seinare anledning", skriv Hødd i pressemeldinga.

Ronny Osnes er keepertrenar for det norske J19-landslaget.