Ulsteinvikaren Adrian Flote opna konkurransesesongen med å vinne 10 kilometer fristil laurdag. Dette var sesongopninga for Hovdebygda IL og resten av langrennsløparane frå Møre og Romsdal.

Ifølgje Hovdebygda IL Langrenn skulle løpet opphavleg gå på Bjorli, men grunna meldingar om sprengkulde vart rennet flytta til Valldal.

Dag Jarle Aa i Hovdebygda IL Langrennn fortel at Flote er førsteårs junior denne sesongen. Rennet i Valldal var årets første renn i krinscupen og Flote sitt første som junior. I M17-klassa gjekk han heilt til topps, og viste ifølgje Aa at han har lagt eit godt grunnlag gjennom sommaren og hausten.

- Juniorane konkurrerte i 10 km fristil og Adrian kom i mål om lag 50 sekund før nestemann i klassa. Som junior får han i år konkurrere i Norgescup, og neste store mål blir difor første Norgescup-renn på Beitostølen rett etter nyttår, fortel Aa.

I klassa for Jenter 14 konkurrerte også Emilie Flote. Ho gjekk inn til ein femteplass på 3 kilometer fristil.