34 lag deltek under årets Grendacup-turnering i Hareidhallen, som blir arrangert torsdag og fredag.

Torsdag var det dei innleiiande puljene ein skulle gjennom. "Kvælartak" som vann turneringa for eitt år sidan tok seg greitt vidare frå si gruppe etter siger over "Holemix" og "O2-Snapparane", før det blei uavgjort mot "Sygjing" i gruppefinalen.

To puljer i herreklassen vart avgjort tidleg på dag og i pulje D vart det ein tett kamp mellom "Les Favues" og "Sei du det?". Begge laga enda på sju poeng, men med "Les Favues" som gruppevinnarar med betre målforskjell.

"Lættpils" vart første herrelaget som sikra full pott i gruppespelet. Dei slo både "Overtid + Tillegg", "Krædene" og "Kvil dej". Det stod mellom "Overtid + Tillegg" og "Kvil dej" om å sikre andreplassen. "Kvil dej" var finalelag i 2016, men enda berre på tredjeplass i gruppa.

Før jul sa Fredrik Aursnes til Vikebladet Vestposten at han og "Biancocelesti" ville vinne årets turnering, så sant ein fekk med seg Georg Aursnes på laget. Det gjorde ein, og laget vann også gruppa si med tre strake sigrar.

Den første pulja i dameklassen vart også avgjort tidleg på dag og der var det ingen tvil om kven som var sterkast. "Hødd" varta opp med to strake sigrar, medan "Reserve Crew" og "Ikketapåme" delte poenga i den siste kampen.

I den andre gruppa var det "Gylne Tider" som sikra førsteplassen, også dei med to strake sigrar. "Holemix" vann sin første kamp klart, men nådde ikkje opp i kampen mot "Gylne Tider" som enda 2-0.

I ungdomsklassene sikra Brandal IL seg gruppesigeren etter tre strake sigrar i pulje H,  tre poeng framom "Tynnesuppe FK". I den andre gruppa var "Pink Panters" og "Ones to watch" nærast jamngode, men førstnemte hadde beste målforskjellen og tok gruppesigeren. "Slav" tok andreplassen med seks poeng.

"Blitz" var den klare gruppevinnaren i ungdomsklassen for jenter. Tre strake sigrar og 11-2 i målskilnad gav ein suveren gruppesiger framom "Midt i blinken". Dei enda på fire poeng og tok andreplassen med betre målforskjell enn "Asian & Co".

Sjå alle resultata og kampoppsettet her