Det er framleis nokre dagar til Hødd-spelarane startar på oppkøyringa til 2018-sesongen. Etter planen møtest dei først 10. januar, men fredag var Joachim Osvold på plass på Høddvoll for å få unna dei siste detaljane rundt overgangen til Hødd.

23-åringen vart offentleggjort som Hødd-spelar i romjula, etter å ha vore på besøk i Ulsteinvik før jul. Fredag var han ein snartur innom Ulsteinvik for å signere kontrakt med klubben, før han sette seg på flyet tilbake til Austlandet.

– Måndag er eg på plass igjen i Ulsteinvik, fortel Osvold.

Joachim er sonen til Kjetil Osvold, som mellom anna spelte for Lillestrøm, Nottingham Forest, Leicester, Djurgården og Skeid. Men opphavleg er faren frå Ålesund, og Joachim har difor ein viss kjennskap til Sunnmøre frå før.

– Ja, eller mest til Ålesund og Hessa, der far min er frå, smiler han.

Det siste halvåret har Osvold spelt i Levanger, der han har vore lagkamerat med ein annan spelar som skal spele for Hødd i 2018, og angriparen har høyrt mykje bra om sin nye klubb.

– Eg trur dette blir veldig bra. Eg snakka ein del med Joakim Wrele, som har sagt mykje positivt om Hødd. Eg har også snakka med Victor Grodås, som også har vore veldig positiv til klubben, fortel Osvold.

Han kjenner Grodås, som spelte i Hødd frå 2011 til 2015, mellom anna frå tida i Lillestrøm.

– Eg var også opp hit ein tur før jul, der eg fekk sett litt på anlegget og slike ting, og eg synest alt verkar veldig lovande!

Vil hjelpe Hødd til opprykk

Osvold fekk debuten for Lillestrøm i Tippeligaen allereie som 17-åring. Han har også vore på utlån til to klubbar i den finske toppserien, samt spelt for Rot-Weiss Essen i Tyskland. No ønskjer Osvold å bidra til at Hødd får ein best mogleg sesong i 2.-divisjon.

– Målsettinga er sjølvsagt å rykke opp med laget, og eg ønskjer å skåre mest mogleg mål. Først å fremst vil eg bidra for laget, fortel han.

I Hødd blir han ein del av ei angrepsrekkje der klubben frå før har Badr Rahhaoui, Magnus Myklebust og Robin Hjelmeseth i A-stallen. Osvold seier dette om kva han kan bidra med:

– Eg har bra spenst og kan vinne duellar. Eg likar å kome meg innanfor boksen og skåre mål. Styrkane mine er å truge bakrommet, kome meg i posisjon til å ta imot innlegg i og rundt 16-meteren, der eg kan avslutte kjapt, fortel 23-åringen.