Vinterkarusellen:

Midtflø og Hauge-Nilsen var best i tredje løp

Det var ikkje dei heilt optimale forholda, men Martin Hauge-Nilsen klemte likevel til med ei god tid som dagens beste i tredje løp av Vinterkarusellen. Sjå bileteserie.
Sport

Med ein snittemperatur på rundt eit par minusgrader på Hareidsmyrane sette dei i alt 23 deltakarane i årets fyrste Grimstadvatnet Rundt i gong. Det tredje løpet av i alt fire i Vinterkarusellen skulle bli eit krevjande løp på grunn av det kalde vêret og glatt underlag, men det var likevel fleire som sprang i mål til gode tider.

Fyrst av alle til å krysse målstreken var Martin Hauge-Nilsen (Kondis). Han var i mål på tida 28,59. Beste kvinne var Oda Renate T. Midtflø (Hareid IL), som dermed kopierte bragden frå løp to i Vinterkarusellen. Ho sprang inn på tida 34,56.

Leif Sægrov frå Valldal IL blei nest best av herrane på tida 29,22, medan Jørgen Andre Førde (Ørsta IL) blei nummer tre på tida 29,28.

Det fjerde og siste løpet i Vinterkarusellen går av stablene første laurdagen i februar.


Grimstadvatnet Rundt, 3. løp, 6. januar 2018                                                                   

Kvinner  17-34

1. Oda Renate T. Midtflø, Hareid IL (34,56)                                                                           

Kvinner 35-39

1. Lisa Iversen, Larsnes IL (46,33)

2. Ingvill Sande, Hasundgot IL (46,34)                                                               

Menn 17-34

1. Martin Hauge-Nilsen, Kondis (28,59)

2. Jørgen Andre Førde, Ørsta IL (29,28)

3. Anders Oksavik, Nordea (31,08)

4. Morten Andersen, Ålesund bueskytterklubb (37,23)                                                          

Menn 35-39

1. Leif Sægrov, Valldal IL (29,22)

Menn 40-44   

1. Jan Endre Rise, Hareid (29,37)

2. Are Uran, Havørn (30,21)

3. Marcus Vedeler, Team Gaselle (35,39)

4. Sigbjørn G. Skeide, Hasundgot (38,37)                                                         

Menn 45-49  

1. Oddvar Røyset, Hornindal (41,23)

2. Roger Steinnes, Indre Steinnes villsaulag (42,12)                                                         

Menn 50-54

1. Bjørn Arve Brune, Stranda IL (32,06)

2. Inge-Jonny Hide, Kleven (32,54)

3. Ulf-Magne Eikås, Stryn IL (42,48)                                                                   

Menn 55-59 

1. Bjarte Hauge, Ulsteinvik (37,01)         

Menn 60-64

1. Ståle Rasmussen, IL Hødd (35,44)

2. Odd Elvanes, Hareid IL (37,35)

3. Dag Snipsøyr, Hareid IL (40,17)

4. Per Arne Pedersen, Hasundgot IL (41,50)                                                           

Menn 65-69

1. Kjell M. Fagerlund, Hasundgot IL (44,45)