I det klokka har passert midnatt får Vikebladet Vestposten endeleg fatt i han som har gått frå å vere ein kjent og godt likt kar i friidrettsmiljøet på Sunnmøre til å bli heile Norges Karsten Warholm. Etter å ha blitt intervjua av alle dei største mediekanalane i landet etter Idrettsgallaen var over for i år, fekk Dimna IL-utøvar og verdsmeister Karsten ytra nokre ord til lokalavisa, og han ønskte først og fremst å takke alle her heime.

- I kveld er eg nesten mållaus, det er heilt fantastisk! Eg er utruleg glad for at Leif Olav fekk trenarprisen, det var faktisk det aller viktigaste for meg. Totalt fire prisar til teamet må seiast å vere meget bra. I dag er eg audmjuk, stolt, glad og ikkje minst utruleg motivert til å stå på vidare! Takk til alle som har stemt på meg!

21-åringen blei først tildelt prisen for Årets mannlege utøvar, så fekk han den høgthengjande Utøvarane sin pris, før han også blei kåra til Årets namn av folket sjølv. Dette blei ein kveld Karsten sjølv, og mange, mange med han seint vil gløyme.

Les også: Karsten Warholm er årets mannlege utøvar!

Les også: Ein rørt Karsten tok i mot Utøvarane sin pris

Les også: Karsten blei årets namn!