Sykkylven/Stranda gjekk til slutt sigrande ut av oppgjeret mot Hødd i Ulstein Arena, og det med god margin. Stillinga blei til slutt 15-32, etter at Sykkylven/Stranda verkeleg trykka til, med tjue scoringar i andre omgang åleine.

- Vi speler ein heilt OK første omgang. Det som sviktar er at vi ikkje scorar nok mål. Vi har definitivt moglegheitene til å gå til pause med ei jamn stilling, men fordi vi ikkje er dyktige nok framover så er vi ikkje så nær dei som vi burde vere. Vi slepp inn tolv mål før pause, og slepp ein inn tolv i kvar omgang skal ein ha gode moglegheiter til å få med seg noko frå ein slik kamp, seier Hødd-trenar Andreas Bjerknes og legg til:

- Men så startar vi andre omgang frykteleg rotete, vi tar dårlege avgjersler, vi kastar vekk ballen alt for ofte, og då gir vi Sykkylven/Stranda sjansar til å kontre. I staden for at vi då tar inn på dei, treng vi 15 minutt på å score vårt neste mål. Det er klart, då har ein kasta vekk moglegheita til å få med seg noko. Det var ei skuffande framsyning av oss i dag, og då spesielt i angrepsfasen.

Byrja jamt...

På det flotte dekket i idrettshallen i Ulstein Arena var det laurdag ettermiddag klart for oppgjeret mellom Hødd og samarbeidslaget Sykkylven/Stranda. Det som i utgangspunktet burde vore eit tett og jamt oppgjer, blei alt anna enn det.

Men det byrja bra. Sjølv om Cecilie Naustenget banka inn kampens fyrste mål, slo Hødd raskt tilbake. Etter sju minutts spel var Hødd og Sykkylven/Stranda like langt komne, då Birthe Holstad Urke sette inn Hødd sitt tredje mål, slik det stod 3-3 på måltavla.

Men så skulle gjestane ta over i ein stor del av omgangen. Nemnte Naustenget sette inn 3-4, og ikkje før etter at  Julie Tynes Aas hadde sikra bortelaget 3-9, fann Hødd vegen til nettmaskene igjen, ved Sofie Lippestad. Ho banka inn Hødd sitt fjerde mål for dagen.

Dei ti siste minutta av omgangen var det faktisk Hødd som vann 4-3, og laga gjekk til pause på stillinga 7-12, eit relativt greit utgangspunkt for andre omgang.

... men så tok gjestane over

Etter eit par mål signert to Sykkylven/Stranda-spelarar i starten av omgangen, fann Julie Mavåg vegen til nettmaskene, og sette ballen i mål til 8-14. Men herifrå skulle det bli ei lang periode av omgangen med bort i mot total dominans frå gjestane.

Mellom det tredje speleminuttet av omgangen og det sekstande skulle bortelaget score heile 8 mål. Ingebjørg Oscarsson sette inn ei av sine tre scoringar for kvelden då ho small ballen i mål til 9-21.

Mot slutten av omgangen kom Hødd meire med, og dei to laga fann vegen til nettmaskene nesten annankvar gong. Men, det skulle bli ein komfortabel storsiger for Sykkylven-Stranda til slutt, og kampen enda med siffera 15-32.

Kampfakta

TrønderEnergi-Serien 4. div Kvinner - 01

Hødd - Sykkylven/Stranda 15-32 (7-12)

Ulstein Arena

Hødd: Wilde Jakobsen, Sofie Lippestad (3), Julie Mavåg (3), Anna Ulfstein, Ann Kristin Eikrem, Marte Åsmo (1), Henriette Eide, Mari Hofseth, Julie Våge (1), Birthe Holstad Urke (2), Ingebjørg Oscarsson (3)

Julie Mavåg var til tider drivande god i midten for Hødd, og fekk med seg tre scoringar, men i alt for store periodar av kampen blei ho og resten av Hødd-laget for spake i møte med Sykkylven/Stranda-forsvaret. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.