Mathea Stranden frå Ørsta Alpin gjekk heilt til topps i J14, etter å ha vore raskast i begge omgangane under storslalåmkonkurransen på Bjorli sundag. Bjorlirennet var arrangert av Rauma Alpin.

Ulstein-jenta Anny Våge Molvær, som også representerer Ørsta IL, var nest-raskast i begge omgangane og sikra seg dermed andreplassen med god margin ned til neste alpinist.

Mathea Stranden var det likevel lite å gjere med denne gongen. Ho var over sekundet raskare i begge omgangar og sikra seg dermed sigeren i årets første renn.

Sjå heile resultatlista

Ifølgje Ørsta Alpin skal dei eldste alpinistane frå klubben til Hemsedal om to veker. Der får dei teste seg mot dei beste alpinistane i landet i sine årsklasser.

"Då skal det arrangerast uttaksrenn til internasjonale barnerenn og talentleir med NSF. Det blir spanande å sjå korleis våre løparar ligg an i forhold til resten av landet", skriv Ørsta Alpin i ei melding.