Onsdag vender Hødd-spelarane tilbake til Høddvoll for starten på oppkøyringa til 2018-sesongen. Før laget sesongopnar borte mot Stjørdals-Blink 14. april skal Hødd ut i minst åtte treningskampar. Den første allereie 18. januar.

Alle detaljar rundt oppkøyringa til Hødd er ikkje heilt på plass. Det er framleis nokre hol som kan fyllast, men det som er sikkert er at første motstandar er 4.-divisjonslaget Volda.

Av dei kampane Hødd har planlagt er to av dei mot 4.-divisjonsmotstandarar, Hødd skal også spele tre kampar mot 3.-divisjonsmotstand (Herd, Spjelkavik og Førde).

I tillegg møter Hødd avdelingskollega Brattvåg 3. mars.

Denne gongen ser det ikkje ut til at Hødd møter Eliteserielag i løpet av oppkøyringa. I staden skal laget møte tre motstandarar frå årets Obosliga. 26. januar møtest Hødd og AaFK, medan dei blåkvite møter Sogndal 9. mars og Florø 17. mars.

Generalprøven før serieopninga blir heime mot Førde 7. april. Hødd har i utgangspunktet ikkje planlagt nokon treningsleir denne våren.

Hødd 2 skal ut i 3.-divisjonsspel denne sesongen. Før seriestarten 15. april skal rekruttane ut i minst fire treningskampar. Den første mot Molde 2 20. januar. Laget skal også møte AaFK 2, Molde 2 ein gong til, samt avdelingskollega Herd.

Planlagde treningskampar:

18. januar: Hødd–Volda

26. januar: AaFK–Hødd

2. februar: Hødd–Herd

10. februar: Hødd–Spjelkavik

17. februar: Bergsøy–Hødd

3. mars: Hødd–Brattvåg

9. mars: Sogndal–Hødd

17. mars: Hødd–Florø

7. april: Hødd–Førde