14 spelarar var onsdag på plass i Ulsmohallen til Hødd si første A-trening i 2018, der Steffen Moltu og Andreas Breimyr stod over grunna sjukdom og skade.

Og det blei ikkje nokon lett start for Hødd-spelarane. På første trening ville nemleg Hødd sin fysiske trenar, Rafa Roldan, sjekke forma på spelarane etter julepausen.

Dermed måtte spelarane ut i stille lengde, i tillegg til spurttestar over 10, 20 og 40 meter.

Nyespelarane på plass

For Joachim Osvold var dette første trening med sine nye lagkameratar, og angriparen viste prov på at det kan gå fort framover med Hødd denne sesongen. Roldan understreka samstundes at han var godt fornøgd med det alle spelarane som deltok på treninga leverte, og at nivået var bra til januar å vere.

I tillegg til Osvold var også Marius Hagen på plass til si første trening som Hødd-spelar, medan Jan-Lennart Urke er tilbake etter utlånet til AaFK, og Joakim Wrele er tilbake i Hødd etter eitt år i Levanger.

Hagen trente med Hødd ei stund i haust, men var også aktuell for Hødd før 2013-sesongen. Då blei det ingen overgang til Hødd, men no er 25-åringen frå Nordfjordeid klar til å gje jernet for dei blåkvite.

– Det vart ein hard start, men eg er i god form og har trent greitt i jula. No er eg veldig motivert og gler meg til det som skal skje framover, fortel Hagen.

Nære heimplassen

Den siste sesongen har han spelt i Elverum i Obosligaen, men etter at klubben rykte

– Det er herleg å kome heim. Eg har vore på ei lang reise etter å ha flytta heimanfrå som 16-åring, og har vore profesjonell fotballspelar sidan. Eg har budd i fleire byar både i Sverige og i Norge, men ser på Hødd som ein familie og noko eg har lyst å vere ein del av, og som i tillegg gjer at eg kan kome litt nærare mine barndomskompisar og familien heime.

For det er ein del kortare frå Ulsteinvik til Nordfjordeid enn det har vore frå til dømes Elverum og Hamar.

– Eg har ikkje vore så nærme heimen sidan eg flytta ut. Hødd er også ein klubb som vi brukte å reise opp for å sjå då eg var yngre. Det er ein tradisjonsrik klubb, som akkurat no spelar i feil divisjon, men eg håpar vi skal vere med og kjempe om å kome oss opp att, fortel midtbanespelaren.

I fjor blei det 27 kampar og fem mål for Elverum på Hagen. 25-åringen har tidlegare spelt både i Notodden, Nest-Sotra, Kristiansund og svenske Husqvarna, og har etter kvart blitt ein erfaren spelar.

– Eg har vel om lag 100 kampar i Obosligaen, har spelt i Superettan. No ville eg anten til Eliteserien eller så ville eg til Hødd. Dette er ein tradisjonsrik klubb, ein klubb med ein flott stadion og ein klubb som ønskjer seg opp og fram. Då ønskjer eg å kome heim og hjelpe klubben dit den høyrer heime, fortel Hagen.

– Speler med hjartet

Torbjørn Kallevåg var fjorårets beste spelar på Hødd, men verken Hagen eller Joakim Wrele kjem inn som direkte erstattarar for Kallevåg.

– Eg er best som sentral midtbane og det er der eg har spelt mest tidlegare. Eg kan spele meir offensivt, men helst som anker. Det er likevel opp til Sindre (Eid) og dei å bestemme.

På eitt område er likevel Hagen og Kallevåg like.

– Eg er ein vinnarskalle. Styrkane mine likar eg best at andre vurderer, men eg speler med hjartet og ein veldig innsats. Eg har også ein bra pasningsfot, men elles så får det vere opp til andre å vurdere.

Hødd har skifta ut ei rekkje spelarar dei siste sesongane, og med sine 25 år er faktisk Hagen ein av dei meir erfarne spelarane i troppen.

– Eg har vore med på mykje, og spelt både i toppen, botnen og på midten av Obosligaen. Eg håpar eg får gjere ein bra figur her i Hødd og bidra til at vi skal vinne flest mogleg fotballkampar, fortel eidaren.