For med Sander Håskjold Nyland inn i trenarteamet rundt A-laget i Hødd, medan Tarald Laugsand i ny jobb i Bodø/Glimt, er det berre Sebastian Nilsen som er att frå trioen som skulle styre Høddskulen i 2017. Jesper Törnqvist har likevel vore involvert også det siste året, spesielt inn mot jentene.

Engelskmann frå Volda

Han blir med også i år, og i tillegg har Hødd henta inn ny kompetanse. Tom Malins kjem opphavleg frå England, men har dei siste åra jobba i Volda.

– Det er veldig bra at vi har fått på plass to så flinke folk i desse rollene, slik at vi kan halde fram med å utvikle prosjektet med Høddskulen, fortel Sebastian Nilsen.

På Hødd Ekstra vil Jesper Törnqvist ha eit viktig ansvar inn mot jentene også i år.

– Men samstundes er Høddskulen så mykje meir enn berre øktene, og der har vi ulike ansvarsområde, fortel Törnqvist.

Sebastian Nilsen skyt inn at dei ulike rollene ikkje er heilt fordelte endå, mellom anna sidan Thomas «Tom» Malins ikkje offisielt har starta arbeidet på Høddvoll heilt endå.

– Det vi veit er at eg skal ha G14, Tom skal ha G16 og han skal også ha hovudansvaret for Team Søre, medan eg truleg blir noko involvert der også. Alle har ansvar for Hødd Ekstra, og alle er involverte inn mot mentorrolla og barnefotballen. Det blir også eit kontinuerleg arbeid for oss med skoleringsplan og planverket som vi jobbar med i Høddskulen, fortel Nilsen.

Medan både Nilsen og spesielt Jesper Törnqvist er godt kjende skikkelsar i Hødd-miljøet, vil Malins vere meir ukjend for mange.

– I Volda TI Fotball har eg hatt ei rekkje ulike roller. Eg har vore sportsleg leiar for dei aldersbestemte laga, har vore trenar for G16-laget og jobba med FFO.

Kor godt kjenner du til Høddskulen og Hødd Ekstra?

– Eg veit ein del om det. Vi har hatt nokre møter om det, mellom anna etter at Hødd inviterte lokale klubbar til møte der dei presenterte Høddskulen. Det var første gongen eg høyrde om det. Eg har også vore involvert i Team Søre dei siste månadane, og på den måten har eg også vore litt involvert rundt Hødd. Så eg veit kva det går ut på og Sebastian har oppdatert meg på detaljane i prosjektet, fortel Malins.

Ikkje dei store endringane

Han kjem opphavleg frå London, og fortel at han har ein litt annleis bakgrunn enn Nilsen og Törnqvist.

– Eg var sportslærar i England, og er har kanskje ei litt annleis tilnærming til korleis eg er som trenar. Det trur eg likevel kan vere ein fordel, at vi har litt ulike typar og måtar å gjere ting på.

Jesper Törnqvist gav seg som toppspelar etter 2017-sesongen, men får no sjansen til å jobbe med fotball på fulltid.

– Det ser eg veldig fram til. No handlar det om å skifte litt fokus, frå å først og fremst vere spelar, til å først og fremst vere trenar og spelarutviklar, seier Törnqvist, som også skal vere med i trenarteamet til rekruttlaget.

Det har blitt nokre endringar i personell for Høddskulen sidan oppstarten, men Sebastian Nilsen fortel at ein ikkje gjer ting så veldig annleis av den grunn.

– Vi gjer nokre småjusteringar på dei ulike tiltaka. Alt vi kan for å tilpasse dei betre. vi må kanskje restarte litt måten vi jobbar på, sidan det er nye folk og nye tankar som kjem inn, seier Nilsen, før han legg til:

– Samstundes er vi veldig fornøgde med første året til Høddskulen på alle område. Vi synest det har gått veldig bra, men vi veit også at vi har veldig langt igjen til dit vi ønskjer å kome. Det tek både lang tid og vi må jobbe hardt for å kome dit, fortel han.