Karsten Warholm:

Månadens utøvar i Europa

Karsten Warholm blei stemt fram som månadens friidrettsutøvar i Europa i januar.

Karsten Warholm sprang her inn til NM-gull, norsk innandørsrekord på 45,59 og nok eit jubelløp under NM i Bærum.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes.

Sport

21-åringen blei stemt fram som vinnar via European Athletics sine Facebook og Twitter-sider dei siste fem dagane.

Med prisen blei Warholm den andre norske vinnaren på to månader, då rekordmannen på maraton, Sondre Norstad Moen, fekk prisen for desember.


NM i bilete

Dimna-utøvarane fekk med seg fem medaljar heim frå innandørs-NM i Bærum. Her kan du sjå stor bileteserie frå dei to NM-dagane.

 

Warholm opna som kjent sesongen sin under Dimna Games i Ulsteinhallen, der han sette ein imponerande norsk rekord på 400 meter med tida 45,88.

Warholm ligg nok godt an til å bli månadens utøvar også i februar, då han under NM i starten av februar knuste denne rekorden ytterlegare. Tida hans blei 45,59, ei tangering av den nordiske innandørsrekorden. Og etter planen skal han teste hekkeforma til helga, med 300 meter hekk i Tammerfors.


Fem på rad for Karsten

Tangerte den nordiske rekorden på 400 meter innandørs. Men Warholm vil endå meir.



Karsten smadra eigen rekord

Innandørsrekord for andre helg på rad frå Karsten Warholm.

 

Irske Phil Healy blei stemt fram som beste kvinnelege friidrettsutøvar i Europa.


På rekordjakt til Finland

Karsten Warholm tangerte verdsbestenoteringa for eitt år sidan. 10. februar er skal han igjen springe 300 meter hekk i Tammerfors.