Karsten sette ny verdsrekord:

- No eig eg rekorden heilt åleine

Karsten Warholm var suveren i Tampere, og sette ny verdsrekord på 300 meter hekk innandørs.

Karsten Warholm sette ny verdsrekord på 300 meter hekk i Tampere i Finland, og her sit han på huk ved resultattavla.  Foto: Friidrett.no/Leif Olav Alnes.

Sport

- Eg er sjølvsagt strålande fornøgd med dette. No eig eg rekorden heilt åleine, sa Karsten Warholm via mor og manager Kristine Haddal, til Vikebladet Vestposten.

Tidenes raskaste

21-åringen stilte i år som i fjor opp på den noko utradisjonelle øvinga 300 meter hekk under meisterskapet i Tampere, Finland, laurdag ettermiddag. Warholm sprang distansen under fjorårets meisterskap på same stad, og då tangerte han verdsbestenoteringa på 34.92. I eitt år har han delt rekorden med sør-afrikanske Llewellyn Herbert. Men no har han den altså for seg sjølv, og er tidenes raskaste på distansen, med eller utan tak over løpebanene. Tida er også raskare enn tida til Chris Rawlinson, som har klart 34,48 utendørs. Sjølv om tida er ny verdsrekord, er den ikkje offisiell, då distansen ikkje kvalifiserer for offisiell tid.

For klokka 17.45 finsk tid (16.45 norsk tid) gjekk starten i Tampere, og Dimna IL-utøvaren dundra på frå start. Han passerte til slutt målstreken på tida 34,26, og sette med det ny verdsbestenotering på distansen!

Sjå resultata her.

Eit hav framfor konkurrentane

Warholm sprang saman med finnane Don-Zheni Ekoebve, Joni Vainio-Kaila, Valtteri Toimela, Tuomas Lehtonen og Lauri Eneh, men ingen av desse var i nærleiken av han, verken med sine beste tider før dette løpet, eller etter at dei sprang i mål laurdag ettermiddag. Joni Vainio-Kaila hadde den beste personlege tida av dei andre før start, med 37.12. Altså eit hav bak Warholm på 34.92.

- Godt fornøgd

Leif Olav Alnes, trenaren til Karsten, sa like etter i eit intervju med Friidrett.no, at det var eit fantastisk løp.

- Han var litt shaky på sistehekken, då blei eg litt nervøs. Han gjekk med veldig høg frekvens heile løpet. Vi har hatt ei strålende opplading og det er veldig gøy å springe så fort innandørs. Dette skal vi vere godt fornøgd med, seier Alnes.