Så langt denne vinteren har Hødd spelt tre treningskampar og til helga skal laget møte Bergsøy, men utanom desse har A-laget knappast trent på stor bane.

Snø og is på Høddvoll har ført til at Hødd-spelarane stort sett har vore forviste til Ulsmohallen. Der har dei greie tilhøve, men bana er ikkje full størrelse, og det fører til at ein mellom anna får trene lite 11 mot 11.

Hødd-trenar Sindre Eid er likevel ikkje veldig bekymra for treningstilhøva. Endå.

– Ideelt sett skulle vi hatt større variasjon i treningsarbeidet, men vi gjer det beste utav det og får trent godt i hallen. Det er heldigvis også to månadar til seriestart, så vi er ikkje stressa endå.

Eid legg ikkje skjul på at han ønskjer seg fleire storbanetreningar framover, og at han håpar på betre forhold i innspurten av oppkøyringa.

– Eg håpar vi får dei seks vekene frå starten av mars til seriestart med gode forhold også ute, seier trenaren.

For dyrt for klubben

Vikebladet Vestposten veit at mange av Hødd-spelarane ønskjer seg fleire økter på full bane og at fleire lurer på kvifor ein ikkje har teke i bruk varmeanlegget som ligg i grunnen under Høddvoll.

– Det kostar heise mykje å køyre undervarme. Det er rett og slett eit kostnadsspørsmål. I fjor var anlegget på ein del, og då brukte ein for om lag 200.000 kroner i januar, februar og mars, fortel Hødd sin daglege leiar, Oddmund Davik Otterlei.

Det ser ikkje Hødd seg råd til på noverande tidspunkt.

Samstundes er det på langt nær berre dei tre seniorlaga til Hødd som merkar at ei viktig speleflate ikkje kan brukast. Med om lag 50 aldersbestemte lag og mange hundre utøvarar, går dette også ut over den store breidda i klubben.

– Det gir oss veldig store kapasitetsutfordringar. Det er ein stor logistikkplan for å få det til. Per Arve Moldskred gjer ein stor jobb med baneplan og laga har også vore velvillige sjølve, med å vere fleksible på treningstider og med kor mykje plass dei brukar, fortel Otterlei.

Men ein stad går smertegrensa, sjølv for ein klubb som må drive stramt økonomisk.

– Den dagen det går utover det sportslege, både for a-laget og andre lag, då må vi gjere noko. Det er ei grense for kor lenge vi klarar oss utan, for vi veit også at aktiviteten også aukar utover året.

Og manglande kapasitet har allereie ført til nokre avlyste treningar.

Det er også eit spørsmål kva økonomiske konsekvensar det får å ikkje ha Høddvoll tilgjengeleg.

– I helga måtte vi leige bane på Color Line Stadion til treningskampane der. Denne veka skal vi ha ein cupkamp for G16, og då må vi også leige Color Line. Det kostar pengar det også. Både med reising og baneleige. Til sjuande og sist blir det eit spørsmål om kva som løner seg, både sportsleg og økonomisk, fortel Otterlei.

Må slå på i mars

Nye Høddvoll stod klar før 2014-sesongen. Med undervarme skulle anlegget sikre at Hødd hadde gode treningsfasilitetar året gjennom, men slik er ikkje situasjonen akkurat no.

Hødd sin daglege leiar seier at dersom ein framleis har liknande vêr og like vanskelege forhold ved inngangen til mars, så blir klubben tvinga til å ta i bruk undervarmen.

– Då må vi nok berre skru på. Vi har orientert spelarane om at det er kostnadsutfordringar som gjer at vi ikkje kan gjere det no, og det er dumt. Ideelt sett skulle det stått på heile vinteren, men slik er det ikkje. Vi har ikkje fått brukt banen meir enn fire-fem dagar i år, og det er for lite. Det er veldig dumt at vi har så flotte fasilitetar, som ligg der og lokkar, men som vi ikkje får brukt. Slik situasjonen er no, så har vi likevel bestemt at det ikkje blir brukt varme i januar og februar, men er det framleis kulde i mars, så er vi nok nøydde til å sette på.

Dyrt: Oddmund Davik Otterlei er dagleg leiar i Hødd. Han fortel at det blir for dyrt for klubben å halde banen snøfri ved hjelp av undervarmeanlegget, men at ein må revurdere dette om vintervêret held fram også inn i mars. Arkivfoto: Ole-Ottar K. Høgstavoll Foto: Ole-Ottar Høgstavoll