Tippeselskapet Betsson har tippa Hødd på 4.-plass i årets 2.-divisjon. Det vil seie at dei ikkje trur at laget vil vere i stand til å kjempe om opprykk til nest øvste nivå – der Hødd har hatt sitt naturlege tilhald.

Treningskampane så langt i år har ikkje reist nokon tvil ved dette Betsson-tipset. Og det kan vere like bra for Hødd, som dermed kan senke skuldrene.

Det har vore fimbulkulde i sør-Norge dei siste vekene, seinast 42 minusgrader i Folldal midt i førre veke, og ganske så uverkeleg med tanke på at den øvste divisjonen startar kampane til helga. Hødd og dei andre 2.-div.-laga har derimot god tid på seg. Først 14. april smell det.

Vi var ikkje mange då Hødd møtte divisjonskollega Brattvåg på Color Line Stadion laurdag. Cirka 50, dei fleste godt kledde. Temperaturen låg kring nullpunktet. Snøfallet var så lett at verken spelarar eller kunstgrasmatte la merke til det. Hødd sin sportssjef André Nevstad tok seg nokre joggerundar rundt på tribunane, snart var han på vestsida, snart på austsida. Han konstaterte tørt at det var lurt å halde varmen, medan han sende eitt og anna vurderande blikk ned i kampgryta.

Og kva såg han? Blant anna at trenar Sindre Eid køyrde med tre midtstopparar mot dei svartkledde brattvågingane; Haugan, Moltu og Breimyr. Høgre vingback Daniel Eid opna forrykande med offensive klyv og etterfølgjande innlegg. På motsett side låg Eirik Francke Saunes klistra til linja og dreiv med det same. Hødd var verkeleg tette der bak i midten. Brattvåg, som har skumle ambisjonar under trenarduoen Kalle Fjørtoft og Rune Ulvestad, fekk sjansane sine først når dei kom seg rundt på sidene.

Hødd si midtbane med Wrele, Bendik Rise og Marius Hagen fekk ein stri tørn. Her var det sjølvsagt interessant å sjå kva eidaren og nykomaren Hagen kunne stelle i stand. Han opna kampen heller svakt, men i 2. omgang viste han noko som Hødd har mangla i den siste trille ball-perioden; ein spelar som vender opp og går på raid. Slikt skaper uro i ei backrekke. Hagen fekk til mange slike raid, og det var etter eitt av dei at Hødd skora. Rett nok hadde han ein tendens til å «ikkje kome seg fort nok unna sine eigne føter», men spelemåten hans skaffa Hødd ein god del frispark, som dei kunne involvere luftstyrken sin på: Fram med Moltu og Haugan. Men nokon ballvinnar stod ikkje Hagen fram som – og på dette området var Brattvåg sin midtbane vel så god.

På topp jobba Hjelmeset og Osvold iherdig. Som alle klubbar har Hødd vore ute etter ein X-faktor på topp – og unge Osvold kan fort vere denne faktoren. Både Hjelmeset og Osvold er kjappe i boksa og vil nok utnytte dei sjansane som kjem. I luftrommet vil dei slite mot vanlegvis ruvande midtstopparar, men her kan Moltu og Haugan ta ansvar. I tillegg til dei frisparksituasjonane som alltid vil oppstå har Hødd eit luftvåpen i Daniel Eid sine lange innkast og Moltu si vidarebefordring, eventuelt heading rett på mål.

Det blir spennande, dette. Brattvåg viste at 2.-divisjon er ingen leik. Hødd må innstille seg på at livet er ein kamp.