I utgangspunktet hadde klubben budsjettert med ei ørlite overskot i 2017. Slik skulle det ikkje gå. Rekneskapen for 2017 viser i staden at klubben hadde eit underskot på over 1,6 millionar kroner.

Sviktande inntekter

Hødd Fotball budsjetterte mellom anna med over 1,6 millionar kroner i billettinntekter, samt ein million kroner i andre kampdagsinntekter. Rekneskapen viser at klubben berre selde billettar for rett over millionen og at dei andre kampdagsinntektene enda på 875.115. Berre der bomma ein altså med over 700.000 kroner. Også medlems- og aktivitetsinntektene var over 600.000 kroner lågare enn det klubben hadde budsjettert med.

Totalt budsjetterte Hødd Fotball med 22.988.100 kroner i driftsinntekter i 2017. Fasiten enda på 22.082.909.

Også på utgiftssida enda klubben med om lag ein million meir brukt enn budsjettet som vart vedteke av årsmøtet. Her var det ei rekkje postar der kostnadane vart noko høgare enn ein hadde rekna med, medan personalkostnadar til administrasjon/andre enda meir enn 600.000 under budsjett.

Hødd hadde nokre inntekter frå spelarsal, noko som førte til at årsresultatet hamna på -1.658.379 kroner. Det er eit mindre underskot enn i 2016, men så hadde også IL Hødd Fotball budsjettert med å gå så vidt i pluss.

Vil bruke 2 millionar mindre

Det gjer ein ikkje i 2018. No har klubben i staden budsjettert med 98.806 kroner i minus, men for å få til det må det kuttast i kostnadane. Spesielt når klubben budsjetterer med lågare driftsinntekter enn i 2017. Dette mellom anna på grunn av at reklame- og sponsorinntektene ser ut til å gå ned med over ein million kroner.

På utgiftssida vil Hødd mellom anna kutte kostnadar på variable kamp og treningskostndarar, personalkostnadar både for støtteapparat og administrasjon. Personalkostnadane til spelarar går samstundes opp med om lag 250.000 kroner.

Målet er at Hødd skal bruke over to millionar kroner mindre i 2018 enn klubben gjorde i 2017. Frå rett over 24 millionar i driftskostnadar til rett under 22. Det blir truleg ei utfordrande oppgåve, spesielt når ein veit at klubben får større utgifter på grunn av at andrelaget skal spele i 3.-divisjon den komande sesongen.

Under årsmøtet i IL Hødd måndag fekk IL Hødd Fotball kritikk frå kontrollkomiteen. Dei reagerte mellom anna på at det vart opplyst på styremøtet i IL Hødd Fotball 30. januar i år at underskotet kom til å ende på om lag 600.000 kroner.

"Ved gjennomgang av samtlege styrereferat frå 2017, går det fram at styret har fått framlagt rapportar som syner at regnskapet har eit underskot som er større enn budsjettert, utan at ein i tide har sett i verk tiltak for å redusere kostnadane", skriv kontrollkomiteen i sin rapport.

Kontrollkomiteen vurderer det slik at styret og administrasjonen ikkje har hatt tilstrekkeleg oversikt, kontroll og styring med økonomien til klubben.