Arve Nytun er leiar for klubben, som måndag kveld hadde trening i Hareidhallen med fem ivrige rulleskeisarar, som gjekk runde etter runde (rundt og bak handballmåla) på den fine idrettshallparketten.

– Er det suksessane til Håvard Holmefjord Lorentzen og Sverre Lunde Pedersen som har inspirert? spør vi.

– Eigentleg ikkje, svarar Arve, men medgir at det var godt tima at dei sette i gang i oktober i fjor, då også norsk skøytesport var i startgropa til ein veldig oppsving.

– Nei, vi tenkte at det rett og slett var for gale at Verparen låg nede. Det er ikkje mange plassar dei har rullskeisebane her i landet, så derfor bestemte vi oss for å starte ein ny klubb.

Hall-treninga gir kontinuitet

At klubben har fått seg treningstid innandørs – og dermed kan drive idretten sin fast ein gong i veka også i ruskevêr, snø og kulde – er eit stort framsteg. Klubben har fått dei siste treningstimane på måndagskveldane – og ei treningsøkt er på mellom ein og to timar.

– Vi var forresten ute i Ulsteinhallen og prøvde ut løpebana der. Men underlaget var for mjukt. Her i Hareidhallen er det ideelt. Bana er rett nok lita med krappe svingar, men det tilpassar vi oss. Det gir uansett god trening for muskulaturen å gå rundar her – og vi ser at treninga gir rask progresjon. Dermed blir også overgangen til å gå på is lettare. Det er den same muskulaturen vi brukar – og treninga er også nyttig for dei som driv med sykling, meiner Arve Nytun.

– Men toler golvet dette?

– Ja, absolutt, meiner Arve og hevdar det er andre idrettar som slit meir på underlaget. Han ser ned mot dei tre hjula han har under kvar sko. Dei er laga av ein gummikvalitet som både flyt fint og har god kontakt mot golvet. Hjula er utskiftbare. Trehjularane har litt større hjul enn firehjularane – og gir dermed også større fart.

Det kan skje at løparane går over ende – og då er det godt å ha eit vern for kne og olbogar. Slikt er å få i eit stoff som skånar huda mot skadeleg friksjon.

– Og kva kostar eit rulleskeisepar?

– Det varierer. Dei ligg vel – alt etter kvalitet – på ein skala frå ein og to tusenlappar til seks tusen. Men du kan få kjøpt gode brukte par til ein rimeleg penge. Klubben har forresten ein god avtale og får prosentar med ein leverandør.

Opnar for utanlandsturar

Veteranen mellom dei fem som skeisar i Hareidhallen denne kvelden, Bård Onar Pilskog, har delteke i Berlin maraton på rulleskeiser tre gonger. Han fortel at det finst ein del tilbod om deltaking i slike løp, helst i utlandet, og han ser ikkje bort frå at det kan vere eit treningsmål for Hareid og omland skeiseklubb å delta i slike løp. T.d. i Berlin maraton, der løparane følgjer maratontraseen gjennom gatene. Belgiaren Bart Swings har gått dei 42 kilometrane på 56 minutt. Bård Onar si bestetid – frå 2016 - var på 1.23.50.

– Vi vil ha fleire med, også kvinner

Den nye skeiseklubben tel i dag i underkant av ti aktive løparar. – Men vi er interesserte i å knyte til oss fleire, seier Arve Nytun. – Og sjølvsagt også kvinner. No når vi også kan trene inne, får vi kontinuitet i treningsarbeidet og kan bruke den store utandørsbana når vêrforholda opnar for det.

Vil vere seg sjølve

Enn så lenge ønskjer Hareid og omland skeiseklubb å ”vere seg sjølve”. Dei har per i dag ikkje planar om å bli ei undergruppe av Hareid IL, men vil samarbeide med idrettslaget. Dei har inngått ein samarbeidsavtale med tanke på å utvikle rulleskeiseanlegget på best mogleg måte. Skeiseklubben er også i dialog med HIL si trimgruppe om å få til ein Tuftepark på det uutnytta området inne i rulleskeisebana.

Hareid og Omland Skeiseklubb ønskjer å vere ein klubb for heile Sunnmøre. – Vi har også leika oss med tanken om ein fleirbrukshall der mellom anna kunstisbane for langløp og andre idrettar kan samordnast, seier Nytun.

Leiar: Arve Nytun er leiar for den nye skeiseklubben. Foto: Leiv Arne Grimstad.