Onsdag morgon reiste Hødd frå Ulsteinvik med kurs mot Luton i England. For andre året på rad legg Hødd treningsleir til League 2-klubben Luton Town FC sitt treningsområde.

Og etter treninga på Høddvoll tysdag var det nok få av Hødd-spelarane som fortvilar over eit lite miljøskifte dei komande dagane. I løpet av treninga gjekk ein nemleg frå ei grøn og innbydande kunstgrasbane til eit snødekt Høddvoll.

God effekt i 2017

Treningsforholda er også noko av det Sindre Eid peikar på når han fortel kvifor Hødd legg turen til Luton.

– Vi ønskjer å få gode treningar under veldig gode forhold. Vi får også sjansen til å vere heilproffe i fem dagar, der vi både trenar godt og får tid mellom øktene til både møter og spelarsamtalar. Samstundes er det sjølvsagt sosialt å kome seg litt vekk. Ein får knyte litt tettare band, og vi har jo nokre nye folk som har kome inn, samt nokre unge spelarar. Vi hadde veldig god effekt i fjor og håpar vi får det same i år.

Det er i hovudsak A-troppen som reiser til Luton, men Håkon Botn Brautaset og Elias Flø er også med frå rekruttstallen.

Det er ikkje planlagt treningskampar under opphaldet i England.

– Nei, vi skal ha ein internkamp og så spelar vi mot Molde tysdagen etter at vi kjem heim, så då følte vi at det ikkje var behov for treningskampar der nede.

Hødd har spelt to kampar på rad mot motstand frå Obosligaen. Det har enda med 2-2 i kampen Sogndal og 2-4 tap for Florø. No skal Hødd-troppen bruke opphaldet i England til å spisse forma inn mot seriestart 14. april, men det kan bli endringar i troppen før ein kjem så langt.

Rahhaoui til Moss?

Mellom anna er det usikkert om Badr Rahhaoui blir verande i Hødd. Han er ikkje med på turen til Luton, men trenar i staden med Moss FK og det kan vere aktuelt med ein retur til Austlandet for angriparen.

– Det kan bli aktuelt med ein overgang. Det er litt opp til Badr sjølv, fortel Oddmund Davik Otterlei.

Hødd sin daglege leiar legg til at Rahhaoui har fått beskjed om at spelaren kan få bytte klubb dersom han meiner det er rett for hans utvikling.

– Badr står på både på trening og i kamp, og han er ein flott fyr på alle måtar, men vi har mange spissar og status no er at han må gjere det som er rett for han, fortel Davik Otterlei.

Badr Rahhaoui kom til Hødd før 2017-sesongen. Den tidlegare Fredrikstad- og Sarpsborg 08-spelaren spelte 22 kampar og scora fire mål for Hødd. No kan det sjå ut til at 20-åringen er på veg til ein annan 2.-divisjonsklubb. Moss spelar i avdeling 1.

Badr Rahhaoui kan vere på veg til Moss. Angriparen er ikkje med Hødd på treningsleiren til Luton.

På jakt etter kvalitetsspelarar

Samstundes som at Rahhaoui kan vere på veg ut, ser ikkje Davik Otterlei vekk frå at det også kan kome spelarar inn før sesongstarten.

– Vi er på jakt. Det er vi, og eg håpar vi snart skal få på plass noko, fortel Hødd sin daglege leiar.

Er det spesielle posisjonar de ønskjer å styrke?

– Vi er ute etter kvalitetsspelarar. Det kan vere at det blir ein offensiv spelar til, men vi ser også at sjølv om vi har knallgode forsvararar, så treng vi meir breidde der bak. Vi er ute etter å styrke oss. Det skal vere ein spelar som går rett inn, slår Davik Otterlei fast.

Oddmund Davik Otterlei fortel at Hødd ønskjer å styrke stallen, og at ein er på jakt etter kvalitetsspelarar som kan gå rett inn på laget. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes