– Eg skal operere torsdag, der dei skal inn og sette inn nokre skruar i beinet for å stabilisere det. Deretter blir det å gå med gips i alt frå seks veker til tre-fire månader. Det kjem heilt an på korleis det gror, fortel Urke.

Ut av stilling

Keeperen enda med ei brotskade i handleddet etter ein tøff duell på trening i slutten av januar. Etter dei første undersøkingane fekk Urke beskjed om at ting såg bra ut, og at han truleg kunne vere tilbake i full trening i løpet av våren.

– Så langt har det ikkje grodd, og den siste tida har beinet kome litt ut av stilling, fortel Urke.

Fekk ikkje rett hjelp

Det er sjølvsagt svært frustrerande for keeperen å gå skadd så lenge, men kanskje endå verre er det at behandlinga ikkje har vore optimal.

– Eg vart sendt til nokon som ikkje var spesialistar på området. Det er eg ganske irritert over. Heile prosessen der eg har gått i to månadar utan å få skikkeleg hjelp kjennest veldig unødvendig. Eg burde blitt sendt ein plass der eg hadde fått den hjelpa eg trengde med ein gong, fortel keeperen.

Truleg burde operasjonen han skal gjennom torsdag blitt gjennomført allereie kort tid etter at skaden oppstod.

– Det er vanskeleg for meg å seie korleis spesialistane hadde vurdert det, men no vurderer dei det slik at operasjon er det rette.

Med operasjonen vil det ta lenger tid før Urke kan vere tilbake. Mykje lenger enn keeperen hadde håpa på.

– Ein god del lenger, ja. Planen no er at eg går med gips fram til juni-juli. Så er det opptrening slik at eg kan byrje å belaste handa etter ferien ein gong.

Det betyr at frå å håpe på å berre gå glipp av nokre få seriekampar, mistar keeperen truleg heile vårsesongen og litt til.

– Som fotballspelar vil ein vere mest mogleg skadefri og kunne bidra så mykje som råd. Det er dessverre lite ein får gjort med slike ting, og eg satsar berre på å få kome i gong igjen med trening så snart eg kan etter operasjonen, slik at eg held det fysiske ved like. Så får eg ta keeperbiten etter kvart som det blir tid for det, seier Urke.