Øystein Bohinen Muren og Per Gustavsen er duoen som skal lose Hasundgot gjennom 2018-sesongen. Muren og Gustavsen kjenner kvarandre godt frå tidlegare, og trur at det berre er ein fordel.

– Vi er gode sparringpartnarar, og er det noko vi ikkje er einige med kvarandre i er det ikkje verre enn å ta ein god diskusjon på det. Per er eksperten på den defensive organiseringa, medan eg tek meg av det offensive. Saman er vi eit godt trenarteam, seier Øystein Bohinen Muren.

Han fortel at Hasundgot-spelarane har lagt ned ein god innsats gjennom vinteren for å vere i form til seriestart.

– Vi har ein god stamme i laget, med spelarar som viser veg for dei yngre. Det er eit godt samspelt lag, og det blir spanande å sjå kor vi klarer oss når vi kjem i gang om nokre dagar. Vi skal kjempe i toppen i år, det er eg rimeleg sikker på, seier Muren.

Hasundgot har sin fyrste kamp borte mot Bergsøy 2 onsdag i neste veke.

Storsignering og comeback

Hasundgot har på ingen måte sove i timen når det gjeld å skaffe forsterkingar til laget. Tidlegare Hødd-helt Vegard Heltne er klar for barndomsklubben etter mange år vekke, og skal kombinere rolla som midtstopparbauta med trenarjobben i Ørsta.

– Han er utan tvil ei stor, stor signering for oss. Vegard har mykje erfaring frå toppnivå, og vil tilføre oss enormt mykje. Spesielt dei yngre spelarane vil dra mykje nytte av hjelpa hans. Så er vi i prosessen med å få inn Ronny Jørgensen, ein annan tidlegare Hødd-spelar. Elles har vi fleire andre potensielle overgangar på gang, så dette blir spennande, seier Øystein Bohinen Muren.

Troppen til Hasundgot: Joakim Rødven, Kim Hansen, Svein Erik Ertesvåg, Mats Bigset, Simon Spjutøy (Jr), Nicolai Haddal Molvær (Jr), Ivar Andre Aadland, Thomas Gjerde, Cato Veien, Sander Gjerde (Jr), Sebastian Moldskred Kleven, Isak Sundgot (Jr), Daniel Skeide (Jr), Marius Muren, Ruben Muren, Jørgen Skogestad Kleiven, Daniel Muren, Lars Henrik Hasund, Marius Vartdal.

Av dei nye på laget finn ein som sagt Vegard Heltne og Ronny Jørgensen, i tillegg til Iver Saunes, Bjørn Inge Tafjord, og Tobias Skotheim. Joakim Sundgot Gustavsen, Trond Haugland og Tore Romestrand gjer comeback.