Borte mot Stjørdals-Blink kunne Daniel Eid notere seg for målgjevande pasning både med eit innlegg og eit innkast. Mot Vard Haugesund burde det truleg blitt fleire målgjevande for vingbacken, men avslutningane blei ikkje omgjort i scoringar.

Dermed blei det ein frustrerande ettermiddag på Høddvoll, sjølv om Hødd spelte ein god fotballkamp mot Vard Haugesund.

– Vi styrer frå start og eigentleg heile kampen. Vi er best kampen gjennom og eg veit ikkje kor mange sjansar vi har, men vi skal ha to-tre mål berre til pause. Samstundes vinn ein ikkje fotballkampar på sjansar, ein må score mål, slår Daniel Eid fast.

Eid var ein av Hødd-spelarane som fekk mykje å jobbe med framover, og det kom mange gode innlegg frå høgresida, men utan at mottakarane fekk ballen i mål.

– Eg fekk vere mykje involvert og fekk slått ein del innlegg. Det skulle gjerne blitt ei målgjevande pasning eller to i dag, men slik gjekk det ikkje og eg får berre halde fram med å slå fleire innlegg, fortel han.

Eid legg ikkje skjul på at det var frustrerande å kjempe på for den avgjerande scoringa i 90 minutt utan å få betalt for innsatsen.

– Vi skapar sjansane, men får ikkje inn ballen. Likevel mista vi aldri trua på at vi skulle score mål, men det er sjølvsagt frustrerande når det aldri kjem. Då blir det ein kjip kamp, for vi skulle helst hatt med oss tre poeng her i dag. Ein såg at Vard gjekk for å få med seg eitt poeng herfrå, det er ikkje alle som kjem til å få det i år. Vi må berre lære av dette og så skal vi trenge forbi både forsvar og keeper neste gong, seier Eid. .