Denne helga har Donald Duck Wintergames blitt arrangert i Hemsedal. Der har mellom anna Anny Våge Molvær frå Ulsteinvik stått på startstreken.

Fredag var det ho og lagvenninne Mathea Stranden, begge frå Ørsta Alpin, som tok dei to første plassane i storslalåm. Stranden på førsteplass og Våge Molvær på ein sterk andreplass etter å ha køyrt seg opp fleire plassar i finaleomgangen.

Søndag var det klart for slalåm, og sesongens siste konkurranse for Anny Våge Molvær. Under landsfinalen i Oppdal for to veker sidan gjekk jenta frå Ulsteinvik heilt til topps i J14-klassa. Dermed var det ikkje veldig overraskande at ho køyrde fort også i Hemsedal.

Faktisk var Våge Molvær raskast av alle dei om lag 40 deltakarane i den første omgangen. Med 49,25 var ho over halvsekundet framom Ulrikke Haugen frå Heming IL og dermed var det Våge Molvær som skulle køyre sist i finaleomgangen.

Ulrikke Haugen hadde kjørt bra i sin andreomgang, og dermed måtte også Våge Molvær gi full gass, men no skulle det bli dramatisk for ulsteinjenta. Alpint er ein idrett med små marginar, der det ofte står om hundredelar. Då har ein ikkje råd til å gjere store feil, men i henget var Våge Molvær uheldig.

- Ho kom på innerski i henget, datt, røyste seg og trakka oppatt, og fortsette som eit uvêr, fortel Merete Våge Molvær.

Der mange truleg ville gitt opp, sette Våge Molvær i staden full gass mot mål. Ulrikke Haugen var det for langt opp til, men sjølv med fall køyrte ungjenta inn til ein knallsterk andreplass.

Mathea Stranden frå Ørsta Alpin enda på fjerdeplass, 29/100 bak tredjeplassen.

Anny Våge Molvær sikra seg to andreplassar under Donald Duck Wintergames i Hemsedal denne helga. Søndag klarte ho andreplassen sjølv om det blei fall i finaleomgangen. Foto: Privat