I fjor var det Herd 2 og Hødd som tok første- og andreplassen i 3.-divisjon for kvinner på Sunnmøre. Onsdag møttest laga på Herdbanen til det som blei ein tett duell mellom to lag som truleg vil vere med i toppen også denne sesongen.

Anna Nerland Aahjem skaffa Hødd leiinga to minutt før pause, men Herd 2 utlikna berre minuttet seinare.

I den andre omgangen var det Herd 2 som tok leiinga, allereie sju minutt ut i omgangen, men no var det Hødd som slo tilbake og Nerland Aahjem fastsette sluttresutatet til 2-2 etter 59 minutt.

Dermed har Hødd starta sesongen med to uavgjortresultat, etter at det enda 4-4 mot FK Sykkylven på Høddvoll sist veke.