– Karsten er heil ved!

Det slår Bjørn Bergh fast til Vikebladet Vestposten. Førre helg fekk han besøk i museet av mellom anna Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes. Warholm hadde då med seg ei av draktene han brukte under VM i London, samt skoa han sprang med då han tok VM-gull på 400 meter hekk.

Ein av desse skal no inn i samlinga på Friidrettsmuseet.

– Den andre får Karsten tilbake, men først skal den forgyllast og settast på ein sokkel, fortel Bergh.

Han er initiativtakaren og den store eldsjela bak Friidrettsmuseet, som held til i Minervahuset på Lillestrøm. Bergh har samla inn gjenstandar frå både nasjonale og internasjonale friidrettsutøvarar i ei rekkje år og i 2007 vart museet opna av spydkastarane Trine Hattestad og Andreas Thorkildsen.

Historia til det som no er Friidrettsmuseet starta likevel lenge før og Bergh si interesse for å ta vare på friidrettshistoria har også vart svært lenge.

– Det har gått millionar av timar og kosta enorm mykje, ler Bergh.

Kjøpte vikinghjelmen

Mange av gjenstandane på museet har Bergh fått frå utøvarane, men ein del har også blitt kjøpt inn. I denne kategorien kjem mellom anna vikinghjelmen som Karsten Warholm brukte under feiringa av VM-gullet. Denne vart aksjonert vekk til inntekt for fjorårets TV-aksjon.

Ifølgje Kristine Haddal, mor og manager for Karsten Warholm, vart dette gjort etter avtale med Rune «Tribune».

– Karsten hadde jo gitt den til TV-aksjonen, og då eg såg det så var det heilt klart at eg måtte ha den. Det ville jo ha vore ei tragedie om den kom på avvege! fortel Bergh engasjert.

Kristine Haddal fortel til Vikebladet Vestposten at Bergh tidleg var i kontakt med Warholm-leiren og at Karsten Warholm synest det var heilt naturleg å bidra til å utvide samlinga på Friidrettsmuseet.

Starta med Boysen

Bjørn Bergh er svært oppteken av at ein må ta vare på friidrettshistoria, og han meiner mange unike gjenstandar ville gått tapt om det ikkje var for Friidrettsmuseet på Lillestrøm.

– Det som utløyste det heile var ein gong på slutten av 70-talet, då eg såg eit program med Erik Bye og Erling Stordahl. Der kom dei inn med nokre dyre gjenstandar som folk hadde gitt og desse skulle auksjonerast ut. Då eg sat og såg på dette så gjekk «sikringsboksen». Eg tenkte «kva hadde skoa til Audun Boysen vore verdt om dei hadde vore på museum?».

Bergh kontakta Boysen neste morgon, med spørsmål om ikkje han framleis hadde skoa han brukte då han sette den legendariske norske rekorden på 800 meter (1.45,9 i 1955 – først slått i 1992).

Bjørn Bergh fekk Boysen-skoa og då var det gjort.

– Då vakna villdyret og det var full gass, fortel Bergh.

Nokre tiår seinare har ideen hans resultert i eit svært rikhaldig museum, der Karsten Warholm no er i svært godt selskap.

Store stjerner

For på Friidrettsmuseet er gjenstandar frå både norske og internasjonale friidrettsstjerner samla. Mellom anna har Bergh sikra seg sko frå superstjerner som Jan Zelezny, Jonathan Edwards og Usain Bolt, men også frå til dømes Grete Waitz, Trine Hattestad og i nyare tid frå Henrik og Filip Ingebrigtsen, samt Warholm.

– Noko av det eg er mest stolt av i dag er innsatsen som vart gjort for å få tak i mange av skoa til dei gamle norske utøvarane. Eg har vore så heldig at vi har sko frå Helge Løvland, Haakon Tranberg som tok to sølv under EM på Bislett i 1946, Terje Pedersen som sette to verdsrekordar i spyd.

Lista til Bergh er både lang og imponerande, og det er nettopp i dette selskapet Karsten Warholm har fått innpass. Og sjølv om Bergh gjer ein viktig jobb med å ta vare på historia, så set han også svært stor pris på utøvarane som presterer i notida.

– Vi har jo både Henrik og Filip som har blitt europameistrar og Karsten som blei verdsmeister. Det er større enn stort, det må folk forstå! slår Bergh fast før han legg til:

– Karsten er jo berre unge skrotten endå, og eg får eit kjempeproblem om han og ein del av desse andre utøvarane skal halde fram på same måten, skjemtar Bergh.

Han legg samstundes til at det er viktig å ikkje ha for store forventningar til framtida, men heller gle seg over dei mange gode prestasjonane ein får oppleve.

VM-effektar: Leif Olav Alnes og Karsten Warholm med eine skoen frå gull-løpet i London, ei drakt Warholm brukte under VM, samt vikinghjelmen han feira med etter å ha tatt gull. Foto: Privat. Foto: Privat