Onsdag var det klart for ein tidleg toppduell i 6.-divisjon avdeling 3, då Hødd 3 tok imot Hasundgot på Høddvoll.

Etter ein kveld der Hødd tok seg vidare i NM etter scoring i andre ekstraomgang mot Florø, var det meir fotball på programmet på Høddvoll.

Både Hødd 3 og Hasundgot hadde vunne begge sine kampar så langt i sesongen, og laget som tok tre poeng her ville feste eit lite grep om toppen av avdelinga.

Førsteomgangen på Høddvoll var tett og tøff, men Hødd 3 som det mest spelande laget, men der begge lag skapte moglegheiter. Det var likevel heimelaget som kunne gå til pause med 1-0, etter fint Hødd-spel og ei bra avslutning frå Sander Ringstad etter 25 minutt.

Heimelaget førte også banespelet etter pause, men det blei berre nokre halvsjansar utav det og Hasundgot er farlege når dei får sjansen.

Etter 65 minutt kom utlikninga. Keeper gav ein retur etter frispark og der dukka Iver Franke Saunes opp og fekk pirka inn 1–1.

Hødd 3 heldt fram med å spele, men no vart det farlegare når bortelaget gjekk i angrep. Joachim Ulstein heldt laga på 1–1 med ei flott redning etter om lag 72 minutt, men han fekk berre slått ballen til corner. På dødballane var Hasundgot sterkare enn det unge Hødd-laget og på Cato Veien sørga for Hasundgot-jubel då han sette inn 1–2.

No var det Hødd 3 som måtte jage. 11 minutt før slutt spelte heimelaget seg vakkert rundt på høgresida før ballen vart slått inn framom mål. Ei avslutning frå kort hald vart slått unna av ei flott redning frå Joakim Rødven, men på returen var det Jonas Overå som var kjappast og som kunne sette inn 2–2.

Deretter snakka ein Hødd-spelar på seg to gule kort i løpet av eit knapt minutt og heimelaget måtte avslutte med ti mann.

Mot slutten av kampen vart det fleire tøffe duellar og seine taklingar, og det var tydleg at begge lag var svært lystne på dei tre poenga.

Hasundgot slo mykje langt i sluttminutta, men klarte ikkje utnytte at dei var ein ekstra spelar. Hødd 3 sleit samstundes med å rydde langt nok unna og ballen kom ofte kjapt tilbake.

Men fleire mål blei det ikkje og laga måtte dele på poenga og dermed også framleis dele på tabelltoppen. Sluttresultatet vart 2–2.