Fjorårets Hødd-toppscorar Espen Standal kom ikkje ein gong med i 18-mannstroppen då Hødd møtte HamKam søndag.

– Espen har spelt mykje, men måtte stå over denne gongen. Han kjem nok sterkt tilbake, sa trenar Sindre Eid etter kampen.

Standal har null seriemål på ti startar og to cupmål på to kampar i år.

Heller ikkje Joakim Wrele var med mot HamKam. Han fekk seg ein smell mot Strømmen, noko som truleg var ein strekk i leddbandet.

Og når det gjeld Erik Sandal, som sat saman med Wrele på tribunen, så begynner han å nærme seg kampform.