Tidlegare i dag vart det klart at Pål Hofset Skeide har signert si første proffkontrakt med Hødd. No er det også klart at sandssokningen Bendik Torset har forlenga kontrakta si med Hødd ut 2016-sesongen.

Ifølgje Hødd sine nettsider skal 24-åringen som no står med 180 kampar for Hødd, vere den spelaren i dagens tropp som har tredje mest kampar for klubben. Berre Erik Sandal og Joachim Magnussen har fleire.

- Vi er godt nøgde med å ha forlenga med Bendik, som har vore ein nyttig spelar for oss i mange år og som har opparbeida seg god erfaring. Han er ein godt trent, hardtarbeidande og anvendeleg spelar. Vi veit alltid kva vi får med Bendik, og han står også for ein treningskultur som vi ynskjer å ha her i Hødd, seier André Nevstad til Hødd sine nettsider.

Torset kom til Hødd frå Larsnes i 2007, han debuterte for a-laget til Hødd året etter. Så langt i år har Torset vore involvert i 15 kampar for Hødd i 1. divisjon.