Både Marthe Mjøen Berg og Renate Grimstad frå Dimna IL deltek i dag på 100m hekk under NM i friidrett på Jessheim. No i ettermiddag har det vore forsøksheat med ei Dimna-jente i kvart heat. Marthe Mjøen Berg var først ute, og ho måtte kjempe mot storfavoritten Isabelle Pedersen.

Mjøen Berg tok seg greitt vidare til finalen i sitt heat på ein andreplass. Suverene Isabelle Pedersen vann heatet med tida 13,23. Mjøen Berg sprang inn på 13,98. Det var 3,9 sekundmeter medvind under dette heatet.

Renate Grimstad blir sett på som ei av dei to-tre beste norske utøvarane på 100m hekk og ho var såleis favoritt i sitt heat saman med tre år eldre Tale Ørving. Grimstad har i år sett ny personleg bestenotering med 13,81.

Grimstad sprang i femte bane under sitt heat. Ho låg best an om lag midt i løpet, men blei tatt igjen på slutten og sprang som Mjøen Berg inn til ein andreplass i heatet. Det var Tale Ørving som vann heatet med 13,66, medan Grimstad storma inn til 13,76. Det ville vore ny bestenotering for Dimna-jenta, men medvinden vart for kraftig. Grimstad var uheldig med to av dei tre siste hekkepasseringane, og kunne såleis truleg fått ei endå betre tid om desse også hadde klaffa.

Også Mjøen Berg si tid ville ha vore ei soleklar forbetring av den personlege rekorden med "lovleg" vind.

Med desse resultata er begge jentene klare for finale 18.10 i kveld.