På 100m hekk under senior-NM i friidrett er det liten tvil om at Isabelle Pedersen var den aller største favoritten på førehand. Ho gjorde som ho ville i forsøksheatet, der hadde den klart beste tida. Ho er også den av dei startande som har den klart beste personlege rekorden.

Bak Pedersen har Renate Grimstad blitt snakka om som kanskje den nest-beste norske kvinna på denne øvinga, men Tale Ørving hadde ei endå hakket raskare tid under forsøket. Det var ikkje venta på førehand at Marthe Mjøen Berg skulle blande seg inn heilt oppe i medaljestriden på 100m hekk, men med eit løp som likna på forsøksheatet ville ho truleg nærme seg pallen.

Renate Grimstad stilte i bane tre, Marthe Mjøen Berg i bane fire, og favoritt Isabelle Pedersen i bane fem, og Tale Ørving i bane seks.

Som venta var det Isabelle Pedersen som trakk det lengste strået, og Tale Øvring storma inn til sølvet. Dessverre for Dimna-jentene vart det berre nesten denne gongen. Renate Grimstad var nærast på ein fjerdeplass med tida 13,85. Med tida 14,16 vart det ein sjuande plass på Marthe Mjøen Berg. Tida til Renate Grimstad var berre tre små hundredelar bak Agathe Wathne som tok bronsemedaljen.

Grimstad skal også delta i lengde, medan Mjøen Berg skal springe 400m hekk laurdag.