Grimstad var uheldig med sitt fyrste lengde-forsøk, men landa på 5.48 på sitt andre hopp. Det tredje stod ho over. Det gav ho ein delt 6. plass etter tre forsøk og ho er dermed kvalifisert med god margin. Det er dei tolv beste som går til finalen søndag.

Marthe Mjøen Berg kom på 2. plass i sitt heat under kvalifiseringa til finalen i 400 meter hekk, med tida 1,02,56. Det betyr at ho er kvalifisert til finalen, som går av stabelen seinare i ettermiddag.

Trenar Arve Hatløy meinte på førehand at Mjøen Berg og Grimstad skulle ha gode sjansar.

- Eg har god tru på begge. Marthe er mellom anna blant dei tre beste i Noreg på 400 meter hekk denne sesongen, så eg trur ho blir blant deltakarane i finalen, seier Hatløy på telefon frå Jessheim.