Tilbake i mai vart det ein komfortabel 5-2-siger då Hødd gjesta Sunndal på Sande stadion. Historia var ein heilt annan då nordmøringane gjesta Høddvoll laurdag ettermiddag.

I den første omgangen hadde Hødd-damene meir eller mindre full kontroll på gjestene. Trass at det var hovudsakleg halvsjansar som vart produsert, var det stort sett heimelaget som stod for det som var av sjansar.

Men målet let vente på seg til det stod att knappe 15 minutt.

Kanonkule

Og ventetida på 75 og eit halvt minutt var kanskje verdt det. Frå distanse klemde Toppserien-aktuelle Vilde Hasund til, og ballen gjekk i ei rett linje opp i keepers høgre hjørne.

Gleda vart derimot kortvarig. Berre fem minutt seinare utlikna Sunndal etter at Hødd ikkje fekk klarert eit hjørnespark. Nina Johansen var målscorar for raudtrøyene.

Snuoperasjonen vart komplett dryge to minutt før full tid då spydspissen Ochelle Anya De Courcy straffa vertane på ei kontring og lobba ballen over ein sjanselaus Amalie Kragset i Hødd-buret.

- Utruleg

Hødd-trenar Ole Per Kragset var nærmast i vantru over at laget hans gjekk poenglause av banen mot nordmøringane.

- Dei hadde knapt sjansar og vi styrte kampen frå a til å. Hadde eg visst kva som skjedde på slutten, så skulle eg ha sagt det til deg, seier ein forfjamsa Kragset

Ifølgje Hødd-trenaren var det spesielt éin ting som var vanskeleg å fatte.

- Det som er mest utruleg i denne kampen er at vi berre scora eitt mål.

Kampfakta:

Hødd - Sunndal 1-2 (0-0)Høddvoll KGBTilskodarar: 35Dommar: Knut Erik Myklebust, Ørsta ILGule: Ingen

Mål: 1-0 Vilde Hasund (76), 1-1 Nina Johansen (81), 1-2 Ochelle De Courcy (88)

Hødd: Amalie Kragset - Benedikte Nevstad, Silje Holstad, Susann Kragset, Ingrid Måseide - Mari Heggen, Hanna Urke Møllerstad (Gro Elise Aksnes 87), Vilde Hasund - Ingvild Ringstad, Caroline Overvåg, Ellen Nerland Aahjem