Heltne, frå Dimnøya, spelte heile kampen.

Lasse Brandal sende Træff i leiinga etter 27 minutt, medan Espen Schøn Outzen scora det andre 12 minutt før slutt.

Sigeren gjer at Træff er oppe i 19 poeng i 2.-divisjon avdeling 2, og har fem poeng klaring ned til streken.

I same avdeling tok Herd ein svært viktig 4-1-siger mot Brummundal i dag. Havtor Skeide frå Ulsteinvik spelte ikkje kampen.