Og det er kanskje ikkje så rart. Dette var langt frå ein av Hødds svakaste heimekampar i år. Faktisk spelte Hødd betre enn serieleiar Sandefjord i fleire periodar av kampen. Og trass i 1-4 på resultattavla vann Hødd den (for så vidt ubetydelege) sjansestatistikken 8-6.

- Det kjennest veldig merkeleg å sitje her etter å ha tapt denne kampen 4-1. Det høyrest sikkert dumt ut å sitje her og seie det no. Men slik er det faktisk, seier ein tydeleg skuffa Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten etter kampen.

- Best mellom 16-meterane

Eid var klar på at Hødd sleppte inn for enkle mål, samtidig som Hødd ikkje scora på mange nok av sjansane dei skapte - etter godt spel.

- Vi tek med oss det positive spelet frå denne kampen. Eg synest vi var det beste laget mellom dei to 16-meterane. Men Sandefjord hadde stong inn, og det hadde ikkje vi, meiner Sindre Eid.

Pause

No har Hødd to veker utan kampar. Grunna landskampar denne veka og neste spelar ikkje Hødd ny seriekamp før måndag 15. september. Den går borte mot Tromsø.

- Eg trur vi berre har godt av ein pause no, varslar Sindre Eid.