Første omgang:

Tromsø tok initiativet frå start i denne kampen og Hødd blei liggande lavt i bana. Spesielt på Hødd si høgreside i forsvar fekk Tromsø kome svært lett til, og Drage og Frantzen kom til mange gode innleggsmogelegheiter. Det var likevel på andre sida av Høddforsvaret at første baklengsmålet kom. Grodås burde ha klarert, men tok i staden med seg ballen innover i feltet der ein dårleg touch førte til at ballen trilla til Andersen som enkelt kunne plassere ballen i lengste hjørnet bak Falch.

Etter målet prøvde Hødd ei periode å stå høgare i bana, men då vart det også farlegare på overgangar for Tromsø. Heimelaget dominerte stort utover i førsteomgangen, og skapte ei rekkje store mogelegheiter. Tromsø var svært nære å setje inn både eitt og to mål til, men måtte vente til overtid før 2-0 kom. Då fekk Hans Nordbye gjere omtrent som han ville. Tromsø-spelaren tok med seg ballen inn frå høgresida, gjekk lett forbi fleire Hødd-spelarar og trilla ballen inn i Falch sitt næraste hjørne.

Andre omgang:

Tromsø starta også den andre omgangen best, men etter fem-seks minutt kom Hødd seg høgare i bana, fekk til meir spel og kom til sine første sjansar. Først var det Remi Johansen som stussa ballen mot eige mål etter eit frispark, før Robin Shroot burde redusert for bortelaget. Flott forspel og ein fin stikkar frå Magnussen gjorde at Shroot kom åleine med keeper, men dessverre for Hødd gjekk ballen ti centimeter på feil side av stolpen. I denne perioden pressa Hødd meir og meir på, men etter 66 minutt rakna det fullstendig.

Først var det Remi Johansen som gjorde som han ville, snudde rundt med Steffen Moltu og sendte ballen utagbart i nettmaskene bak Falch. Berre tre minutt seinare var Drage på farta, storma inn i Hødd-feltet og slo ei lur pasning på tvers der Andersen fekk score sitt andre og Tromsø sitt fjerde for dagen. Audmjukinga kom berre minuttet seinare, no med Morten Moldskred i hovudrolla. Han sette den endelege spikaren i kista, og scora Tromsø sitt tredje mål på fire minutt.

Mot slutten løfta Hødd spelet noko meir oppover i bana, medan Tromsø såg ut til å vere brukbart nøgde med kampen og roa presset eit hakk eller to. Fredrik Aursnes fekk også kome litt høgare i bana etter at Wrele kom inn, men til tross for nokre fine tilløp vart det aldri skikkeleg farleg verken frå Aursnes eller dei andre Hødd-spelarane.

Kampen enda 5-0 på Alfheim og Tromsø viste tydeleg at dei har planar om å spele i Tippeligaen neste sesong. Hødd må i staden sjå nedover på tabellen. Med seks kampar igjen er det seks poeng ned til Alta på den øvste av nedrykksplassane.

Kampfakta:

1.-divisjon

Runde 24Tromsø - Hødd 5-0(2-0)Alfheim, TromsøDommar:Per Erik Haugen frå RælingenHødd: Falch - Ingebrigtsen, Törnquist, Moltu, Grodås - Standal (Wrele 65), Magnussen (Hjelmeseth 77), Aursnes, Sveen, Heltne - Shroot (Tepuric 77)Mål: Tromsø: Andersen (16), Nordbye (45), Johansen (66), Andersen (69), Moldskred (70)Gule kort: Hødd: Heltne (33)

Viktige hendingar:

16 min: 1-0 til Tromsø. Andersen etter forsvartabbe frå Grodås.

45 min: 2-0 til Tromsø. Like før pause, inne på overtida, får Hans Nordby gjere akkurat som han vil. Kjem inn frå si høgreside, går gjennom halve Hødd-forsvaret og legg ballen inn i næraste hjørnet. Både forsvar og keeper burde gjere det betre i den situasjonen.

66 min: 3-0 Remi Johansen vender fint forbi Moltu og set ballen opp forbi Falch.

69 min: 4-0 Drage sprintar inn i feltet, legg til ein betre plassert Andersen som scorar sitt andre for dagen.

70 min: 5-0 No går alt inn. Moldskred scorar Tromsø sitt tredje mål på fire minutt.