Etter å ha slått ut Red Bull Salzburg i siste kvalifiseringsrunden, kunne Malmö og Åge Hareide juble for klubben si største utfordring, gruppespel i Champions League. På vegen til gruppespelet slo Malmö og Hareide ut både Ventspils, Sparta Praha og klubben frå Salzburg.

Årets europacupeventyr er ikkje det første for den svenske klubben, som faktisk tok seg heilt til finalen i Serievinnarcupen i 1978-79. Der møtte dei Nottingham Forest og tapte 0-1.

Byrjar i Torino

Det er nok få som trur Åge Hareide skal kunne leie dei regjerande svenske meistrane til ei bragd av den størrelsen, men Hareide har blitt hylla i svenske medier for å klubben til gruppespelet i Champions League. Det klarte som kjent verken Strømsgodset eller nokon av dei andre skandinaviske klubbane som tok del i kvalifiseringa.

Suksessen i kvalifiseringa gir Malmö sjansen til å prøve seg mot nokre av dei verkeleg store kanonene i europeisk fotball. Mange i Sverige håpte nok på at det skulle bli eit møte mellom Zlatan Ibrahimovic og moderklubben, men i staden for PSG vart det italienske og spanske stjerner Åge Hareide sine menn må kjempe mot.

Til kvelden kjem den første utfordringa. På Juventus Stadium i Torino skal Malmö opp mot den regjerande italienske meisteren Juventus. Torino-laget har bytta trenar før sesongen, etter at Antionio Conte tok over landslaget, men Massimiliano Allegri har fått ein god start på den nye sesongen, med to sigrar av to mogelege i Serie A.

To armar og to bein

Under ei pressekonferanse før Champions League-debuet med Malmö sa Åge Hareide at dei møter eit godt lag, men at laget ikkje må ha for stor respekt for Juventus-stjernene.

- Dei har to armar, to bein og eit hovud akkurat som alle andre spelarar, sa Hareide ifølgje SVT.se. Han la også til at det kan vere ein fordel for Malmö at Juventus berre så vidt har kome i gang med sin sesong.

Medan Malmö FF ikkje har delteke i gruppespel i Champions League tidlegare, har trenaren med bakgrunn som spelar for Hødd, Manchester City, Norwich City og Molde, prøvd seg i det gode selskap tidlegare.

I tillegg til kampane mot Juventus, skal Malmö FF og Hareide opp mot dei regjerande spanske meistrane, Atletico Madric, og greske Olympiacos. Laget frå Madrid spelte finale i Champions League så seint som i vår, då dei tapte byoppgjeret mot Real Madrid.

Har ein sjanse

Hareide har altså fått ei knalltøff oppgåve, og dei fleste ventar nok at det er favorittande Juventus og Atletico som vil ta dei to første plassane i gruppa. Då blir spørsmålet om Malmö kan stikke av med tredjeplassen framom Olympiacos.

Hareide trur også at laget har ein sjanse i bortekampen mot Juventus. Ifølgje NRK meiner han at Malmö må ta den tøffe jobben defensivt, vere kompakte og utnytte raske spelarar på topp. Hareide vil også at spelarane skal ta med seg sjølvtilliten dei har fått etter dei gode kvalifiseringskampane.

Kampen mellom Juventus og Malmö FF i meisterligaen byrjar 20:45 i kveld.