Nedrykksspøkjelset har hengt over Hasundgot denne sesongen, med berre tre sigrar og to uavgjort på 16 forsøk før onsdagens møtet med MSIL. Men det var vertane frå Sula som kom best i gang. For allereie etter åtte minutt utnytta Perry Waagan ein kommunikasjonssvikt i Hasundgot-forsvaret og sende laget sitt opp i føringa. Heimelaget var klart best det første kvarteret, men etter det kom dei kvitkledde meir inn i oppgjeret. Resultatet heldt seg nesten inn til pause, men eit lite minutt før ordinær tid var over første ei uheldig involvering av Hasundgots målvakt, på eit hjørnespark, til at det stod 2-0 til pause.

I ein kamp der Hasundgot sleit å skape veldig store sjansar offensivt vart det eit spørsmål om å forsvare seg og ”ta krigen på midten”. Med to debutantar og eit elles ungt lag greidde ikkje gjestene å snu kampen til siger. I staden vart det eit nytt baklengsmål dryge seks minutt før full tid. Ein uheldig Hasundgot-keeper plukka ballen frå eit hjørnespark, men datt dessverre inn i mål og miste samstundes ballen. Spikaren i kista kom på overtid då MSIL fekk eit klokkeklart straffespark, som Espen Gresdal sette kontrollert inn i mål.

Hasundgot har derfor hamna under nedrykksstreken med fem kampar igjen å spele. Dei tre neste kampane er mot høvesvis Sunnylven/Stranda 2, Ørskog og Ravn, som alle vil vere viktige å få med seg eit resultat frå om dei ønskjer å halde seg oppe.

Tabellen.

Kampfakta

5.-divisjon

Onsdag 17. august

MSIL–Hasundgot 4–0 (2-0)

Mauseidvåg kunstgress

Tilskodarar: 30

Mål: 1-0 Perry Waagan (8), 2-0 Andreas Kvasnes (44), 3-0 Sondre Lunheim (84), 4-0 Espen Gresdal (90)

Dommar: Kristian Standal, Rollon SK

Gule kort (HIL): Romestrand, Bigset, Hasund

Hasundgot (4-5-1): Joar Haddal - Tor Wigg, Richard Husa, Lars Henrik Hasund, Mats Bigset – Daniel Muren, Tore Romestrand, Arve Vestnes, Eirik Vattøy, Ole-Kristian Gjerde – Nicolas Roppen Masters

Inn: Antony Souto, Marius Vartdal, Svein Eirik Ertesvåg