5. oktober spelar Hødd bortekamp mot Alta i 1.-divisjon. Og dit har Blåsarane tenkt seg, sjølv om reisetida kvar veg er på minst 30 timar.

Tidlegare i haust inviterte Blåsarane lokale bedrifter til å støtte dei, noko fleire har gjort. Men supporterane manglar framleis pengar. Derfor set dei no i gang eit lotteri, der loddkjøparane kan vinne alt frå ryggsekkar til sesongkort på nye Høddvoll.

Laurdag blir det lotteri i Blåsarboda på dagtid og Kaffibaren om kvelden. Søndag blir det lotteri i høve heimekampen mot Fredrikstad.