For etter ein svak første halvtime utlikna Robin Shroot for Hødd etter 32 minutt. Derifrå og ut var Hødd solide defensivt og til tider fantastiske offensivt. Robin Shroot leverte både eit kanonfrispark og eit flott spelemål. Espen Standal varta opp med ei klasseavslutning i krysset.

- Dette følest utruleg godt. Vi har hatt ein trøblete dag, men rista av oss både det og startproblem i kampen. Gutane har vore veldig profesjonelle, seier trenar Sindre Eid.

Takkar Ronny

Flyet til Hødd frå Vigra vart kansellert grunna tekniske problem. Men Hødd kom seg på vingane på to forskjellige seinare avgangar. Troppen kom til Hønefoss om lag ein time før kampstart.

- Ronny (Osnes) har erfaring frå slike situasjonar med aldersbestemte landslag. Han prenta inn at dette var nokon vi skulle takle. Eg må også takke reiseleiar Neil Le Clercq og administrasjonen heime for jobben med å booke om billettane, takkar Sindre Eid, som ikkje er spesielt kjent som ein flyentusiast sjølv.

- Mål forandrar kampar

Hødd-trenaren er einig i at det var 1-1-målet til Robin Shroot som snudde opp ned på kampbiletet i Hønefoss.

- Vi begynte kampen veldig rufsete. Vi kom aldri skikkeleg i gang. Så 1-1-målet var veldig viktig. Klart vi var effektive etter det. Men mål forandrar fotballkampar. Og 1-1 vart ei vitamininnsprøyting for oss, meiner trenar Eid.

- Roleg og presis

Han seier dette om tremålsscorar Robin Shroot:

- Han er ein eksepsjonell avsluttar. Robin er roleg i boksen og veldig presis. Han er veldig god når det kjem til å plassere ballen. Slik sett er han unik. Eg er glad Robin spelar i blått.

- Ni poeng ned til streken. No er plassen så godt som sikra?

- Det er ikkje over før det er over. Vi har tenkt å vinne fleire kampar, vi. No har vi fire sigrar på dei seks siste. Og fem gode kampar på dei seks siste. Vi har ikkje tenkt å tape fleire kampar i år, varslar Sindre Eid.

Stolt kaptein

Også kaptein Jesper Törnqvist var nøgd med dagens Hødd-prestasjon.

- Eg er stolt over prestasjonen vi leverer i dag. Spesielt sidan det har vore ein tung dag med tanke på reiseproblema vi opplevde. Oppladinga var ikkje optimal og då vi sleppte inn det første målet var det mentalt tøft. Derfor er eg stolt over korleis vi snur og vinn kampen, seier den finske midtstopparen.

Han vil ikkje seie at jobben er gjort enno - med tanke på fornya kontrakt i 1.-divisjon.

- Ein er ikkje sikker før alt er sikra. Det er framleis mange kampar igjen og mykje kan skje, men det er klart at dette var tre viktige poeng, meiner Törnqvist.