Hødd hadde før kampen sikra seg ein god margin ned til laga som kjempar under nedrykksstreken, men hadde berre små teoretiske sjansar for å spele seg opp på playoff-plass. Sigeren mot Ranheim gjer likevel at Hødd kan snuse på høgare plasseringar.

Frå gjesp til jubelbrøl

Hødd opna best av dei to laga. Dei store målsjansane var det derimot mangel på. Fyrst etter at 25 minutt var spelt byrja det å skje noko. Første større målsjanse var det gjestane som kom til etter 28 minutt. Jo Sindre Aas lada kanona og skaut frå 18 meter. Ein merksam Aslak Falch var på pletten, og redda Hødd. Stoppar Steffen Moltu fekk klarert vekk ballen.

To minutt etterpå var Aas på ferde igjen. Nok ein gong får Falch ei hand på ballen, og slår han over mål og ut. Etter 32 minutt skjedde det som ikkje skulle skje. Jo Sindre Aas var ei periode i fyrste omgang eit angrep åleine for Ranheim, og den kjappe spissen fiksa Ranheim ei straffe då han blei felt innanfor seksten. Asgeir Snekvik var sikker som banken, og sette ballen i mål til 0-1.

Leiinga til bortelaget skulle likevel ikkje stå seg så lenge. Hødd sin spissjuvel Robin Shroot tok ansvar og sprang seg fram til skotposisjon etter ei flott pasning frå Fredrik Aursnes. Frå skrå vinkel sette han ballen vakkert i mål til 1-1 og balanse i rekneskapen. Men Hødd var ikkje ferdige der. Etter 38 minutt stangar Steffen Moltu Hødd opp i leiinga på ein corner. 2-1 etter nokre svært intense minutt på Høddvoll.

Betre skulle det også bli for Hødd. Briten Robin Shroot, som var i kjempeslag mot Ranheim, varta opp med nok ein flott prestasjon i det han gjekk innover i bana og frå kanten av sektenmeteren sendte kula i mål frå skrå vinkel. Ballen segla rundt keeper og i lengste hjørne til 3-1. Vakkert blir eit for lett superlativ, for den avslutninga var av topp klasse.

Auka leiinga

Det var heilt tydeleg at Ranheim-spelarane hadde snakka saman i pausen. Gjestane trykte til frå start for å prøve å komme seg på overgangar.

Likevel var det Hødd som skulle komme til den fyrste store sjansen i andre omgang. Fredrik Aursnes avanserte framover i bana. Pasninga frå midtbanevirtuosen trefte hælen til Sveen men det blei i staden ei flott pasning tilbake til Ingebrigtsen som banka ballen heilt oppe i nettveggen. Dessverre for Hødd på feil side av stolpen.

Etter 64 minutt kom det fjerde målet for Hødd. Blåtrøyene fekk eit innkast langt oppe på Ranheim sin banehalvdel. Innkastet blei stussa vidare inn i feltet, og sist på ballen var Ole Amund Sveen, som heada ballen flott forbi keeper Barli. Barli som måtte plukke ballen ut av nota for fjerde gong i kampen.

Sju minutt før slutt reduserte Gjermund Aasen nok ein gong for Ranheim, men det blei aldri meir spanande enn det. Kampen ebba ut og Hødd kunne dra i land sin fyrste siger mot Ranheim på heimebane sidan 2007.

Kampfakta:

1.-divisjon

Runde 28Hødd – Ranheim 4-2 (3-1)Høddvoll, UlsteinvikDommar: Christian Moen, LøvenstadHødd (4-5-1): Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås - Ole Amund Sveen (Grimstad 73), Bendik Torset, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Vegard Heltne - Robin ShrootMål: 0-1 Asgeir Snekvik (32), 1-1 Robin Shroot (34), 2-1 Steffen Moltu (38), 3-1 Shroot (42), 4-1 Ole Amund Sveen (64), 4-2 Gjermund Aasen (83)Gult kort: Henrik Grimstad, Jonas Ingebrigsten (Hødd) Mads Reginiussen (Ranheim)