Hødd sin midtbaneelegant Erik Sandal har hatt det som må sjåast på som ein mareritt-sesong. I romjula 2013 braut han eit bein i foten, og har vore gjennom fleire operasjonar for å kome tilbake. Etter 29 serierundar står Sandal berre med 42 minutt på to kampar for Hødd, og berre kort tid etter comebacket i haust vart det klart at Sandal på ny sleit med ei skade, denne gongen i ankelen.

Laust bein i ankelen

Tysdag seier Erik Sandal til Vikebladet Vestposten at han er på veg til Oslo for å gjennomføre ein operasjon.

– Eg skal operere onsdag morgon. Slik eg har forstått det så er det eitt bein i ankelen som er laust, fortel 31-åringen. Sandal seier at det er ein kikholsoperasjon han skal gjennom, og at det ikkje skal vere snakk om eit omfattande inngrep.

– Etter operasjonen får eg nok vite meir. Det skal ikkje vere ein komplisert operasjon, og eg satsar på å byrje å trene med laget igjen frå januar, seier han.

Gira

Sandal er ein av Hødd-spelarane som står utan kontrakt etter denne sesongen.

– Eg er i dialog med klubben, og eg er veldig gira på å vere med vidare. Eg er veldig motivert, og eg har ikkje lyst å avslutte på ein slik måte, med så mykje skader, seier Sandal.

I staden vil han vere med som ein viktig brikke når Hødd startar 2015-sesongen på si nye heimebane.

– Eg har veldig lyst å vise meg fram på den nye stadion. Eg trur det kjem til å verte veldig spanande framover, slår Sandal fast.