Tysdag var Hareid IL sine handballdamer vertskap for Ørsta i Hareidhallen. Ørstingane var eitt av dei klart beste laga i fjorårets serie, då berre opprykkslaget Bergsøy tok fleire poeng.

I starten på kampen mellom laga såg det ikkje ut til at skilnadene var like store i år som tidlegare, og sjølv om Hareidjentene hadde litt smårusk i angrepsspelet, så passerte ein dei ti første minutta med 3-4, og berre eittmålsleiing til Ørsta.

– Vi har byrja veldig bra i alle kampane til no. Deretter blir det tyngre og det er vanskeleg å seie kvifor vi raknar utover i kampen, fortel Jeanette Teigene.

Blir slitne

Frå 10 minutt tok Ørsta meir over spelet og spesielt på høgresida med Karoline Dyrhol Slenes. Hareid sleit med å kome skikkeleg inn i den erfarne backen, som mellom anna har spelt fleire sesongar for Tertnes.

Inn mot pausen var Ørsta det beste laget, og det vart ikkje lettare då Hareid gjekk på to tominuttarar på kort tid.

– Eg synest vi blir straffa ganske hardt med utvisingane, og Ørsta får meir rom til å kontre utover i kampen. Vi blir slitne etter kvart, men det trur eg har mykje med rutinen vår å gjere, seier Karina Gade.

Hareid gjekk til pause med 5–16 på tavla, men sjølv om Ørsta beit mest frå seg, så var det positive tendensar i mykje av det Hareid leverte.

– I år er det mange fleire som scorar, og ein ser i periodar at vi leverer spel av rimeleg høgt nivå. Det blir betre for kvar kamp vi spelar, meiner Gade.

Går framover

Trenarteamet til Hareid-laget fortel at laget framleis har mykje å arbeide med, og at ein mellom anna må verte flinkare med timingen i returløpa, for å hindre overgangar i mot, og Teigene og Gade meiner Hareid framleis har mykje å gå på når det gjeld å involvere alle spelarane offensivt.

– Når ein har eit lag der ingen av spelarane hadde spelt på seniornivå før i fjor, og mange ikkje hadde spelt handball, så er det mykje å ta tak i, og lite tid å gjere det på. Det går likevel sakte, men sikkert framover, slår trenarane fast.

I den andre omgangen var det i stor grad hurtige kontringar frå Ørsta som utgjorde den store skilnaden. Då ein del av Hareid-spelarane såg ut til å verte noko slitne, vart dei straffa hardt på kontringar i mot, og nemnde Dyrhol Slenes enda kampen i Hareidhallen med 13 mål, ein god del av desse på kontra.

Må halde toppnivået lenger

Sjølv om måla i mot kom noko tettare mot slutten, såg Hareid ut til å ha meir plan på spelet sitt, og betre samspel i det defensive arbeidet. Mot det solide Ørsta-forsvaret var ikkje June Skeide Bergseth like dominerande som i enkelte kampar sist sesong, men i år ser laget ut til å ha fleire som kan ta ansvar, og mellom anna Astrid Ertesvåg, Lene Mari Andresen og Susanne Bigset hadde positive bidrag.

Bakarst gjorde også keeper Line Kvalsund Paulsen ein framifrå innsats. Det blei mange skot frå Ørsta, men også mange redningar frå sisteskansen.

Til slutt vart det ein klar siger til Ørsta, med stillinga 11–38 på måltavla, men Hareid deppa ikkje så mykje av den grunn.

– Vi har forbetra oss i alle kampane vi har spelt, men det glepp litt på slutten. Vi har fått til mykje på kort tid, men no handlar det om å kome opp på eit høgare nivå over lenger tid, fortel trenarduoen Gade og Teigene.

Kampfakta: TrønderEndergi-serien Kvinner 4.-div avd.01Hareid - Ørsta 11 - 38 (5-16)HareidhallenTilskodarar: Ca 30Hareid: Line Kvalsund Paulsen, Oline Ertesvåg, Astrid Ertesvåg (2), Sunniva Liaset, Andreas Hasund, Marie Giske (1), Lene Mari Andresen (2), Susanne Bigset, Sara Bigset (1), Iselin Klungsøyr (1), June Skeide Bergseth (4), Marie Rise, Christina Kaldhol.

*** Line Kvalsund Paulsen** June Skeide Bergseth* Sara Bigset