- Eg trivast veldig godt i Hødd og Ulsteinvik, og ser veldig fram til å jobbe i klubben også dei komande åra. Det skjer mykje spennande i klubben, og med dei fasilitetane som vi har her på Høddvoll, så ligg alt til rette for vidare utvikling, seier Steinar Lein.

Steinar Lein kom til Hødd i februar og har i 2014-sesongen hatt stillinga som trenar og spelarutviklar. Steinar vaks opp i Trondheim, har lang fartstid i toppfotballen og har spelt Tippeligafotball både for Rosenborg BK og FK Haugesund. Etter det gjekk turen vidare til Vard, der han både har vore spelar, spelande trenar og trenar. I tillegg har han jobba som idrettslærar ved Haugesund Toppidrettsgymnas, der han jobba på fotballina.

- Steinar trivast godt både i jobben og med å bo i Ulsteinvik. Då han kom til klubben i februar, signerte han ein avtale ut året. I dag signerte han og klubben ei ny kontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2017. Det betyr at han også i 2015 blir ein del av trenar-teamet til hovudtrenar Sindre Eid, i tillegg til jobben som spelarutviklar.

Nøgd sportssjef

Sportssjef Andrè Nevstad er veldig nøgd med at Steinar blir i klubben vidare.

- Han har gjort ein veldig god jobb både i trenarteamet og med oppfølging av enkeltspelarar. Steinar trivast godt i teamet og med spelarane, og er ein kapasitet som vi ønskjer å ha med i klubben i åra som kjem, seier Nevstad.