Sundag blir årets siste serierunde spelt, i det som også er siste offisielle kamp på Høddvoll, før Hødd flyttar over til andre sida av Høddvollhuset og den nye stadion.

Men sjølv om det er mindre enn ei veke att av sesongen, så har ikkje Hødd kome i mål med signering av nye kontraktar med spelarane som er på utgåande.

Kontinuerleg dialog

Dagleg leiar og sportssjef i Hødd, André Nevstad fortel at det ikkje er så mykje nytt på kontraktsfronten på noverande tidspunkt.

– Det er ingen som har signert endå, men det er kontinuerleg arbeid, der vi pratar og har samtalar med spelarane. Det er ikkje landa kontraktar endå, men dette er eit arbeid som blir prioritert fortel Nevstad.

Må ha speletid

Robin Hjelmeseth er ein av spelarane som er på utgåande, og han fortel til Vikebladet Vestposten at han ikkje har høyrt noko frå klubben endå.

– Alle skal snakke med leiinga, seier Hjelmeseth som fortel at han vil halde alle mogelegheiter oppe.

– Eg vil spele på eit så høgt nivå som mogeleg, men speletida er det viktigaste, fortel Hjelmeseth.

Vegard Heltne har vore i kontakt med klubben, og seier at han reknar med å kome til einigheit med Hødd.

– Eg har veldig lyst å vere med i mange år framover. Det er veldig mykje bra på gang, meiner Heltne.

Han trur klubben har venta med å byrje samtalane om nye kontraktar, sidan ein ikkje har vore sikre på om det ville bli 2.-, 1.-divisjon, eller kvalifisering til Tippeligaen.

– Eg trur ting snart vil byrje å falle på plass for dei fleste, seier Heltne.

Må bruke tida godt

André Nevstad stadfestar at uavklart divisjon har vore ein faktor.

– Det har vore einigheit i at det ville vere ugunstig å setje i gang prosessen midt i ei viktig sportsleg periode, seier sportssjefen, men peikar også på at spelarar som Fredrik Aursnes og Bendik Torset signerte nye kontaktar på seinsommaren.

– No er vi inne i den siste treningsveka framom siste kampen, og vi ønskjer å avslutte skikkeleg. Så skal vi bruke tida godt i november for å setje saman ein stall som er så komplett som mogeleg før jul.

Nevstad fortel at Hødd har ein del spelarar ein er sikre på at ein ønskjer med vidare.

– Det er også nokre vi ønskjer å sjå litt an. Det er naturleg med ei viss fornying. Nokre nye fjes vil kome inn og nokre vil gå ut.

Espen Standal har stadfesta at han ikkje vil kome til å signere ny kontrakt med Hødd, sidan han har planar om å flytte til Oslo. Nevstad fortel at klubben ikkje har fått liknande signal frå andre spelarar.

– Det er sentrale spelarar vi ønskjer å ha med vidare, og dei vil vi prøve å lande så raskt som mogeleg, men dette er eit arbeid som tek tid.

Med 14 spelarar på utgåande kontrakt blir det mykje å gjere for Hødd den komande tida.

– Det har ikkje vore ein bevisst strategi at så mange kontraktar går ut samstundes, men vi vil gjerne ha nokre på kortare og nokre på lengre kontraktar. Det gir oss meir rom, og mogelegheiter til å sjå på troppen og gjere endringar. Det er både fordelar og ulemper, meiner Nevstad.

Også assistenttrenar Steinar Lein har i utgangspunktet berre kontrakt ut sesongen, men Hødd skriv onsdag i ei pressemelding at assistenttrenaren har signert ny kontrakt med klubben, og blir verande i Hødd ut 2017-sesongen.

Spelarane det gjeld:

Desse spelarane er på utgåande kontrakt i Hødd: Jesper Törnqvist, Vegard Heltne, Robin Shroot, Victor Grodås, Espen Standal, Andreas Rekdal, Erik Sandal, Franjo Tepuric, Henrik Grimstad, Benjamin Mork Kleppe, Robin Hjelmeseth, Pål Hofset Skeide, Jan Lennart Urke og Steffen Moltu.

Espen Standal har stadfesta at han flyttar.